17
feb

Sidan sist…

… har me feira 48-årsdag! Med andre ord; eg har blitt 21 og Vegard har blitt 27. Ikkje spør meg kva som skjedde med mitt første år i 20-åra, for det kan eg ikkje svare på. Det berre forsvant, og plutseleg er eg eit år eldre. Me hadde iallefall ein veldig fin bursdag med fine […]

21
jan

Women’s March, Oslo 2018

l dag, 21. januar klokka 14.00, var det duka for årets Women’s March i Oslo. Det heile blei sparka i gong med appellar og song på Youngstorget, før alle frammøtte saman gjekk opp til Stortinget. Både kvinner og menn møtte opp, nokre med store banner og plakatar, andre utan, men dei var alle til stades […]

16
jan

Tredje tysdag i januar

08.30. Eg vaknar opp til ein kvit vegg utanfor soveromsvindauget, og det krev ikkje særleg mange klikk på Internett før eg finn ut at det snør. Utanfor vindauget ligg snødekte Oslo, og eg tenkjer litt over kor vakkert det er, særleg når ein ser det frå 8. etasje. Eg tek meg god tid denne morgonen, […]

12
jan

Nei, det er ikkje ein bagatell

Eg sat godt plassert i sofaen, langt inne i Facebook-feeden min, då det dukka opp ei sak frå Dagbladet som eg kjende at vekka meg frå min vanlege sosiale medier- døs. Eit bilete av Carl I. Hagen og overskrifta «Hagen tar Giske i forsvar: – Det som før var normalt er nå urimelig», var det […]

3
jan

Hei, 2018!

Hei, og godt nyttår til deg på andre sida av skjermen! Då var det på tide å børste støv av denne nettstaden att. Sidan sist har eg berre hatt juleferie, og med det valde eg også å la alt som heiter blogg og datamaskin ligge trygt nedpakka i sekken og ikkje ofre det ein tanke. […]

13
des

Hei, Desember!

Hei bloggen! No var det jammen lenge sidan sist eg kikka innom. Eg har ikkje skrive noko i heile desember, faktisk. Eg har ein unnskyldning da, for heilt fram til mandag har eg sutte med nasen i pensumbøkene, og hatt Platon og Aristoteles og Hamsun og Ibsen til langt oppover øyrene. Eksamen har fått absolutt […]

19
nov

Søndagskjensla

Ei kjensle av at hovudet er heilt tomt og samtidig heilt fullt. Ei kjensle av stress som ligg og murrar under overflata, men som ein ikkje heilt orkar å kjenne på fordi det er jo søndag. Det er helg, men samtidig ikkje, for ein er nøydd til å byrje å tenkje på neste veke og […]

12
nov

Den første snøen

Fredagskveld. Eg hadde overtydd Vegard til å bli med meg ut, fordi eg ville på butikken for å kjøpe sjokolade. På vegen ut døra ropte han plutseleg: «Det snør!» og eg, som gjekk med nasen ned i mobilen, såg opp med det same. Og rett nok, i lyset frå utelampene på blokka dansa små, kvite […]

6
nov

Ei lita gladhistorie

Det var ikkje før eg stod i kø i kantina på Blindern, at eg oppdaga at alle korta mine var vekke. Eg hadde som vanleg berre teke med meg mobilen då eg i pausen på forelesinga gjekk for å kjøpe meg litt mat, fordi alle korta mine ligg i lommebok-dekselet mitt. Denne dagen var det […]

18
okt

Oslo, 19:38

Det var då eg låg under dyna med hovudverk at eg kom på at eg faktisk har ein blogg. Ein blogg eg ikkje har oppdatert på over to veke. Ups. Så då tenkte eg at når eg først skal ligge her med ilt i hovudet, så kan eg vel like gjerne nytte høve til å […]