Livet,  Oslo

Kjære Oslo

Dette innlegget blei først publisert på www.nouw.com/ingerhelgestad 13. august 2016

Kjære Oslo.
Du har lenge vore min lille framtidsdraum. Eit lite håp om å få by i storbyen ei lita stund, ein liten tanke om å få vere ei byjente. Ein førestilling om å gå langs dine gater, om å kjenne dine krikar og krokar og om å bli kjend med dine menneske. Om å sitte på verandaen om kvelden, sjå på blokkene som strekker seg mot himmelen og høyre lyden av byen. Om å få sjå alle lysa som dukkar opp om kvelden, lysa som faktisk strekker seg så langt augo kan sjå. Eg blir aldri lei av det. Du er så fin.

No er eg her. Saman med kjærasten min er eg klar for å starte på livet i byen. Her sit me i vår eigen leiligheit, me vår eigen veranda og vår eigen fine utsikt. Me ser om lag heile byen herfrå, og det er så utruleg fint. Alle lysa om kvelden og alle blokkene om dagen. Holmenkollen i det fjerne, det første landemerket alle nye besøkande peikar ut. Lyden frå byen som snik seg inn den åpne verandadøra. Det blir aldri heilt stille her, det har eg allereie lagt merke til. Men det går fint, altså. Eg er sikker på at me kan trivast her.
Det einaste som derimot slår meg idet me køyrer langs motorvegen, er størrelsen på vår nye heim. Det er så veldig stort her. Så mange bygningar, så mange bilar, så mange menneske. Så veldig stort for meg som er vandt til noko så mykje mindre. Uvant. Skremmande. Men eg kjenner meg heime, likevel. På ein underleg måte kjenner eg meg heime. Samtidig som eg kjenner meg veldig liten. Eit ubetydeleg lite menneske blant så mange andre. Men eg er klar. Klar for dette nye livet i denne nye blokka i denne nye byen. Eg gleder meg til å bli betre kjend med deg, Oslo.
Kjære Oslo. Ver snill mot oss.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *