Kjærleik,  Livet

20!

Dette innlegget blei først publisert på www.nouw.com/ingerhelgestad 7. februar 2017

Framheva bilete: Andreas Weiland

Avslapping. Kos. Søvn. Mat. Vin. Badeland. Spa. Boblebad. Danmark. Biljard. Danskebåten. Ballongar. Gratulasjonar.

Då klokka slo tolv natt til søndag, dagen då me begge hadde bursdag, sat eg og Vegard på ein stille og roleg pub i Frederikshavn, der me omlag var dei einaste gjestene. Jøss, tenkjer kanskje du, det var då stusseleg. Men då kan eg fortelje at den første puben me besøkte, måtte me reise frå nettopp fordi det var for mykje folk, for mykje liv og for høg musikk. Ungdommen på tur, sa du? Er dette eit teikn på at ein blir vaksen? På biletet ser de forresten meg, som startar tjueåra med å lære meg å spele biljard.

…Og her ser de Vegard, som briljerer i biljard.

Då me kom heim frå Danskebåten søndagskveld, var me svoltne og klare for middag. Likevel brukte me ca ein og ein halv time på å bestemme kva mat me skulle bestille og kvar me skulle bestille frå, så maten kom ikkje på døra før klokka var slått ti. Sjølv om dagen etter var mandag, og me begge skulle opp tidleg, valde me å gjere det siste bursdagsmåltidet så koseleg som mogleg, så me fylte bordet med ballongar og bursdagspynt, og reiste ned på Mix for å kjøpe muffins. Me putta til og med lys på muffinsane, så dei fungerte fint som bursdagskake.

Dette oppsummerer mykje, men samtidig så lite, av min 20-årsdag. På søndag blei eg offisielt ein del av dei vaksenes rekker. Vel eg å tru sjølv, i alle fall. Det føltest veldig spesielt å seie seg ferdig med tenåra, som jo har vore ein del av meg sidan eg blei 13. No har alderen min plutseleg eit 2-tal først, og eg har gått inn i tjueåra. Og eg meiner sjølv at eg kunne merke det. Kvar gong ein har bursdag, får ein spørsmål om korleis det følest å få ein ny alder, og kvar gong må ein svare at det følest ikkje stort anleis enn det gjorde dagen før. Men denne gongen følte eg faktisk at ting blei litt anleis. At eg blei litt anleis, om enn berre ein bitteliten smule. At eg tok enda eit steg nærare vaksenlivet, eit vaksenliv eg innerst inne aldri trur eg kjem til å nå 100%.

Eg har store forventningar for tjueåra. Eg føler alle seier at ungdomstida og tenåra er dei beste, men det håpar eg ikkje stemmer. For sjølv om tenåra var fine dei óg, så har eg trua på at tjueåra blir enda betre. Og ungdomstid er det vel kanskje fortsatt? No veit eg i det minste nokonlunde kven eg sjølv er, kva eg står for og kva eg vil her i livet – og berre det er jo eit betre utgangspunkt enn kva eg gjekk inn i tenåra med. Samtidig er det vel slik det skal vere, og eg ville ikkje endra på noko som helst, uansett om eg hadde fått sjansen. No er eg klar for tjueåra og alt dei har å by på. Eg håpar det blir bra. Klar, ferdig, GÅ!

Sjølv om det er morosamt å snakke om seg sjølv og sin eigen bursdag, så må eg óg nevne ein annan luring som fekk nytt tal på alderen på søndag – nemleg min kjære sambuar. Typen. Gubben. My man. Takk for at du er den du er, for at du passar på meg og for at du held ut med meg. Eg kunne ikkje hatt det betre. Du veit kva du betyr for meg. Gratulerer med dagen.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *