Kjærleik,  Livet

Kjærleik

Publisert på www.nouw.com/ingerhelgestad 7. mai 2017
Framheva bilete: 
Paul García Fotografía

Vekas bloggutfordring er temaet kjærleik. Då eg først såg temaet, klarte eg ikkje heilt å finne ut korleis eg skulle legge det opp. Kva skulle eg skrive om? Korleis skulle eg skrive det? Eg er av prinsipp ikkje særleg fan av laaange kjærleikserklæringar mellom kjærestar på Internett – det blir for kleint for meg. Både eg og kjærasten er heller tilhengjarar av å seie det me vil seie til kvarandre, andlet til andlet, og ikkje nødvendigvis gjennom Facebook. Uansett – dette problemet angåande kva eg skulle skrive om løyste seg sjølv. Kjærasten tok nemleg ansvar for det, då han fredags kveld, medan me var på helgetur i Kragerø, gjekk ned på kne og spurte om eg ville vere hans for resten av livet.

Som ofte naturleg for jenter (trur eg, i alle fall), så har eg tenkt på denne augeblinken opptil fleire gonger. Korleis det skal bli når eg blir forlova. Korleis kjem eg til å reagere? Eg har tenkt så mange tankar, men likevel hadde eg aldri føresett den reaksjonen som faktisk kom. Det første eg spurte når han stod der på kne, var «er du seriøs?», og så lo og grein eg om kvarandre. Når eg til slutt fekk sagt ja, fekk eg ein god klem medan tårene rann ukontrollert. Så kom skjelvingane – heile kroppen skalv, og det måtte to champagne-glas til før eg fekk kontroll over den igjen.

Eg har alltid trudd forlovelse berre kom til å vere fullstendig lykkerus, og ingenting anna. Sjølvsagt er det mykje lykke, men det er jammen litt skummelt óg. No er det alvor, liksom. No er det ring på fingeren, og plutseleg blei framtida så veldig ekte og så veldig nærme. 20 år gammal og forlova, ein kan jo byrje å lure på kva me driv med. Men Vegard meiner me har peiling, så eg stolar på han. Me har peiling.

For snart 3 år sidan, 31. mai 2014, i eit anna bryllaup, traff eg altså mannen som eg no har sagt ja til. 05.05 blei vår forlovelsesdag. Talet 5 er eit aldri så lite lykketal for oss, blant anna fordi me begge har bursdag 5. februar, så det passar utruleg fint. På sjølve forlovelseskvelden var me begge utruleg overvelda, og gjekk masse rundt på hotellet, kjøpte drinkar og byrja den store ringerunden for å informere dei rundt oss. I går gjekk derimot heile dagen til feiring – den byrja med hotellfrokost, deretter ein tur på spa, så pizza, før me pynta oss og tok ein tur til Kragerø sentrum, der me åt middag og kjøpte litt vin og øl. Me er derimot ikkje dei store festløvene, eg pleier å seie at me er eit par på 70 år, minst, så allereie klokka halv ti sat me i senga på hotellrommet med Lindmo på skjermen. Slik feirar me forlovelse, da.

Så blei det ein aldri så liten kjærleikserklæring likevel. Ja ja, prinsipp er til for å brytast, eller? I dag skal me heim frå vår lille hotellweekend, heim til kvardagen og til det vanlege livet – berre denne gongen med ringar på fingrane. Det blir spennande, samtidig som eg trur det blir veldig likt som det alltid har vore. Me er lykkelege, og litt skremte. Men som sagt – me trur me veit kva me driv med.

 

Processed with VSCO with a8 preset

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *