Livet,  Oslo

Min 17. mai

Dette innlegget blei først publisert på www.nouw.com/ingerhelgestad 17.mai 2017

Årets nasjonaldag var så fin. For første gong har eg feira dagen i hovudstaden, og det var ei veldig morosam og anleis oppleving. Dagen starta med champagnefrokost hos Maria, og ein betre start på dagen kunne me ærleg talt ikkje fått. Eg har aldri vore på champagnefrokost før, men det skal eg i alle fall gjere igjen, for det var god stemning frå første sekund. Etter ein fin frokost med fine folk, reiste me ned til sentrum for å gjere det obligatoriske når ein feirar i Oslo, nemleg å vinke til kongen. Det å stå på Slottsplassen med så utruleg mange andre menneske, samtidig som toget gjekk forbi og kongefamilien stod på balkongen og vinka, var så gøy. Plutseleg fekk eg oppleve det eg tidlegare berre har sett på TV, og eg følte meg som verdas stoltaste nordmann der eg stod med bunaden min og norske flagg.

Etter all vinkinga og veivinga med flagg på Slottsplassen, fortsatte me vidare for å finne ein plass å sitte og kjøpe litt drikke. På dette tidspunktet var me litt slitne etter all gåinga og vinkinga, i tillegg til at eg, i god 17. mai-tradisjon, hadde fått gnagsår, så det var veldig fint å sette seg litt ned og la føtne slappe av medan me såg på alle bunads- og dresskledde menneske som feira rundt oss. Etter kvart bevega eg og Vegard oss heimover for eit lite klesskifte og litt avslapping, før me reiste ned i byen igjen for å grille. Altfor snart var feiringa over, og me vendte snuten heimover og forsvann inn i draumeland ganske så fort.

Håpar alle hadde ei strålande fin 17. mai-feiring! Her kjem nokre få bilete frå vår nasjonaldag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *