Bloggutfordring,  Meiningar og tankar

#SK17

Dette innlegget blei først publisert på www.nouw.com/ingerhelgestad 4. juni 2017

Plutseleg har sommaren meldt sin ankomst i år også, og me har allereie gått nokre dagar ut i den første sommarmånaden. Eg trur dei aller fleste er einige i at det er mykje fint knytt til sommaren, og majoriteten gledar seg til å kjenne solstrålane på kroppen, og til å få den etterlengta sommarferien som endeleg lar ein puste ut. Likevel fins det også sider ved sommartida som er mindre fantastisk, og då siktar eg særleg til heile det velkjende oppstusset rundt sommarkroppen – det som oppstår kvart år, og som blir intensivert ettersom sommaren kjem stadig nærare og antal soldagar aukar. Det har av ein eller annan grunn oppstått ein tanke om at kroppen din må sjå anleis ut om sommaren enn om vinteren, og at berre ein type kropp fell innanfor kategorien «sommarkroppen», eller «bikinikroppen», – den einaste kroppstypen som tilsynelatande er akseptert i badetøy om sommaren. Altfor mange legg seg i hardtrening for å oppnå den omdiskuterte, og til tider uoppnåelege, SK17 – også kjend som sommarkroppen 2017. 

Sjølve ordet sommarkropp smakar vondt. Det insinuerer at berre nokre er «gode nok», berre nokre får ta del i den eksklusive klubben som sommarkroppen er. Det tyder eit, for mange urealistisk, mål, eit ideal som samfunnet vil at me skal leve opp til, og som vil utrydde alt av kroppsleg mangfald. Eit ideal som eg er så ufatteleg lei av – lei av at det skal fins ein kropp som du må oppnå for å vere «god nok» til å gå i bikini om sommaren, lei av at det skal eksistere retningslinjer for korleis den «perfekte» kroppen skal sjå ut. Den kroppen som alle tilsynelatande  ha for å kunne vise seg utan full påkledning når solstrålane varmar som mest, i alle fall viss ein skal kunne gjere det utan å kjenne på det minste skam og mindreverdskjensle. Den kroppen.

Dei fleste veit dessverre kva kropp det er snakk om, kva urealistisk ideal eg siktar til, fordi me får den trykka opp i ansiktet til alle tider. No som butikkane byrjar å ta inn sommarvarer, og dermed også bikiniar og anna badetøy, blir desse varene også, naturleg nok, i større grad presentert i reklamefilmar og på reklameplakatar. Akkurat dette er ikkje særleg kritikkverdig, og eg har ikkje tenkt å angripe nokon for å reklamere for bikiniar, men eg har tenkt å angripe korleis mange vel å reklamere for bikiniar. For sjølv om det har blitt tatt små steg i riktig retning dei siste åra, så er det kroppslege mangfaldet i slike reklamar verkeleg ikkje representabelt for det mangfaldet som samfunnet består av. Dei kvinnelege modellane på plakatane og i filmane er stort sett tynne, med markerte magemusklar, store puppar, «sprettrumpe» og «thigh gap» (som altså tyder at modellen har mellomrom mellom låra – er det ikkje eigentleg litt sjukt at det er eit eige omgrep for akkurat det?)- ein kropp som i mange tilfeller er retusjert, men som likevel skapar ein idé om korleis ein skal sjå ut for å vere «bra nok».

For å vere på den sikre sida ønskjer eg å understreke eit viktig poeng. Det er ikkje noko gale i det å ha den kroppen som skildra ovanfor. Dersom du har magemusklar, puppar, sprettrumpe og thigh gap så har du all grunn til å vere stolt over kroppen din. Poenget mitt er samtidig at ei jente som ikkje har magemusklar, puppar, sprettrumpe og thigh gap også skal få lov til det. Å vere stolt, altså. Det å vere stolt over kroppen sin, og det å ha ein sommarkropp, skal ikkje vere forbeholdt ei einsleg kroppsgruppe når samfunnet vårt består av så mange forskjellige. Det skal vere rom for alletypar kroppar, både om vinteren og om sommaren. Kropp er topp – både i små bikiniar og i store vinterjakker.

Så kan me ikkje gi oss med denne sommarkroppen no? Denne idealkroppen som kvart år blir eit stressmoment for unge menneske, og eit skambelagt emne for dei som ikkje kjenner seg komfortable i eigen kropp. La oss hylle alle kroppsfasongar, for det viktigaste er ikkje korleis du ser ut, men at kroppen din fungerer. Det er kanskje klisjé å seie, men kroppen din skal ta deg gjennom eit heilt liv, og det viktigaste er at den er sunn og i stand til å gjere nettopp det. Det handlar derimot ikkje om korleis den ser ut utanpå – akkurat det betyr nemleg ingenting i det store og heile. Eg foreslår at me legg det eksisterande konseptet «sommarkropp» daudt, og at me i framtida bestemmer at ein sommarkropp er ein kropp om sommaren – verken meir eller mindre. Alle som har ein kropp, har også ein sommarkropp. Og tek du ein bikini på denne kroppen din, ja, så har du ein bikinikropp også. Simple as that.

God sommar!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *