Bloggutfordring

Haustens nødvendigheiter

Hei til dykk fine lesarar som fortsatt følgjer denne bloggen (sjølv etter eit altfor langt opphald).

Eg tok plutseleg ein veldig spontan sommarferie. Det merka de kanskje. Forhåpentlegvis har de merka det, og forhåpentlegvis har de sakna meg litt, for eg har iallefall tenkt mykje på denne lille nettstaden min, som eg plutseleg forlèt til seg sjølv. Eg har sakna å skrive – noko denne bloggen så sårt treng at eg gjere. Så no er eg tilbake. Eg skal starte opp att både med vanlege innlegg, og med bloggutfordringa som eg blei ein del av før sommaren. Allereie dette første innlegget blir faktisk ein del av utfordringa, då eg ikkje klarte å summe meg til å skrive eit innlegg før det var søndag igjen, og veka plutseleg var over. Tida går jo så altfor fort – eg trur faktisk aldri eg blir vand med det tempoet sekundane tikkar av gårde i. Dagane forsvinner i eit hav av halvferdige «to do» – lister, gjeremål som må overførast til neste dag og eit lite håp om at døgeret på mirakuløst vis skal få fleire timar. Eller veka ein ekstra dag. Det hadde vore fint med ein dag mellom søndag og mandag, til dømes. Berre eit forslag.

Men, til vekas utfordring. Vekas tema er «eg kan ikkje leve utan..» – noko eg har vald å gjere ein liten vri på. Sidan me akkurat har byrja på den 30 dagars lange reisa som er september, og også det som offisielt er den første haustmånaden, tenkjer eg at det passar bra med ein liten oppsummering av det eg ikkje kan leve utan – på hausten. Eller, reint bokstaveleg så kan eg fint leve utan mykje av dette, men det er iallefall ting som gjere hausten min betre. Her kjem ei lita liste. Lister er forresten veldig fint, og eg anbefalar fleire å nytte seg av lister.

Foto: Pexels 

HAUSTENS NØDVENDIGHEITER

1. Varme tepper. 
Eg frys alltid. Iallefall sånn cirka alltid. Og det verste er at eg likar det litt. No når sommaren snart er over, og eg har fått ein god dose sol og sommarvær, så kjenner eg at eg saknar å fryse. Her ein dag måtte eg for første gong på lenge ta på meg hettegensar, joggebukse og tjukke sokkar i leilegheita, nettopp fordi eg fraus, og eg kjente at det gjorde meg glad. Når eg då i tillegg kunne krype under eit varmt teppe i sofaen, då kjente eg at hausten var velkommen.

2. Varm drikke
Gå tilbake til scenarioet eg nemnte i førre punkt, og legg til ein kopp kakao eller ein kopp te. Det blir så mykje meir komplett med ein gong. Men kaffi tels ikkje, for det drikk eg ikkje.

3. Generelt alt som er varmt

På dette punktet i lista, tok eg meg sjølv i å ville nemne «varme sokkar», «varme gensarar», «varme skjerf» og «varmeovnar» som separate punkt – noko som fort kan bli keisamt. Så, for å gjere livet litt lettare – alt som er varmt er ein nødvendigheit om hausten. For sjølv om eg akkurat no tykkjer det er litt småkoseleg å fryse, så tek det sannsynlegvis ikkje så lang tid, før eg tykkjer frysing er grusomt. Før eg saknar varmen. Så når sola er vekke og ein frys som berre f***, så gjeld det å skaffe seg varme frå alle moglege ytre faktorar.

4. Ei god bok
Biletet av eit menneske i sofaen, med ullsokkar og ullteppe, ein kopp varm drikke og ei god bok, er jo nærast blitt ein klisjè om hausten. Men det ligg ofte noko i klisjèar – også i denne. Det er ikkje mykje som slår ei god bok, sjølv om eg personleg er veldig dårleg på å faktisk prioritere lesing – det veit jo de som har lest denne bloggen før, hehe. Likevel er det jo så fint, då.

Foto: Pexels

5. Lauv på bakken
Medan me snakkar om haust-klisjèar – lauv på bakken er nødvendig. Ingenting gir betre haustkjensle enn nettopp det.

6. Kafèbesøk
Dette er jo eigentleg hyggeleg uansett kva årstid det er, men det er ein av dei tinga som er ekstra hyggeleg på hausten, når været ute er grått og lufta er full av regn. Då er det fint å sitte inne, bruke altfor mykje av studielånet på varm drikke (ref. punkt 2) og berre sjå på folk. Det å berre sjå på folk er forresten også ein aktivitet eg kan anbefale. Men kanskje helst i byar, eller offentlege rom med mykje folk, der det er mogeleg å forsvinne i mengden.

7. God musikk eller ein bra podcast
Når du går ute i det grå været, kanskje det både bles og regnar, og du hakkar tenner bak det store, varme skjerfet, så er det fint å kunne ha noko koseleg på øyret. Musikk som gir deg ei god kjensle, eller ein podcast du kan le av. Då blir ein gåtur i regn og vind plutseleg ikkje så grusom likevel.

8. Fine folk
Akkurat dette punktet er fullstendig uavhengig av åtstida, og er derfor like viktig som hausten som om våren. Likevel er det så essensielt med fine folk rundt seg, at eg tykte det var verdt å nemne likevel. Alle årstider kan bli bra med fine folk, sjølv når ein frys kjempemasse.

Foto: Pexels

Dette innlegget er ein del av ei bloggutfordring eg er med på. Denne vekas tema er «eg kan ikkje leve utan», og dei andre som er med på utfordringa er:
Lisa ♦ Sunniva ♦
 Tine ♦

Følg meg på Facebook/Følg meg på Bloglovin/Følg meg på Instagram

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *