Bloggutfordring

Usikkerheit

Dette innlegget blei først publisert på www.nouw.com/ingerhelgestad 13. juni 2017

Usikkerhet. Den, for dei fleste, velkjende kjensla. Den kjensla som sit i brystet, som gneg i magen, og som seier at ein ikkje er god nok. At ein ikkje leverer. At ein ikkje når opp til standarden, til det som blir forventa. Kjensla som stikk gjennom kroppen, og som legg tvil på alt ein vil gjennomføre. Den som får ein til å spørje seg sjølv om ein eigentleg kjem til å få det til. Om ein er god nok.

Usikkerheten er unekteleg ein stor del av det å vere menneske, og den dukkar ofte opp litt for ofte. Den kan vere ein fiende når den blir for stor, når ein mista fullstendig trua på seg sjølv. Likevel kan usikkerheten også vere ein venn. Det går jo stort sett alltid bra, og då blir meistringskjensla endå større når tvilen endeleg kan forsvinne. Når usikkerheten kan forlate kroppen, og ein kan seie seg nøgd. I det minste fram til neste gong ein får ei utfordring sendt sin veg, og usikkerheten bankar på døra på nytt.

 

Dette innlegget er ein del av ei bloggutfordring eg er med på. Denne vekas tema er «usikkerhet», og dei andre som er med på utfordringa er:

Lisa ♦ Tine Katrine ♦ Anniken ♦ Ester Maria ♦ Benedicte ♦ Kine ♦ Julie

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *