Natt til fredag, 01.30

Stille. Vegard sin rytmiske pust ved sida av meg. Mørket. Klokka tikkar mot halv to, og eg ligg fortsatt oppå dyna, med klea på. Fingrane mine spring over tastaturet, eg treng ikkje tenke. Augo mine er trøytte, men eg er for oppteken til å sove. I dag var det designet på bloggen som opptok meg litt for lenge, og som har skulda i at eg fortsatt ikkje har komme meg under dyna. Andre dagar er det ei bok eller mobilen eg heng meg opp i. Eg er ikkje så flink på dette med struktur, kanskje blir eg det aldri heller. Eg tykkjer timane går altfor fort til at det skal kunne gå an å ha noko som helst kontroll over dei. Men det skal seiast at eg faktisk aldri har forsove meg til forelesing, då. Iallefall ikkje så langt. Bank i bordet. 

I år tek eg eit litteraturfag på universitetet som ein del av min bachelor i medievitskap. Ja, det høyrest veldig rart ut, men det er faktisk slik at eg kunne velge litteratur. Det er veldig interessant og spennande, men sjølv når eg har skjønnlitteratur på pensum, er det vanskeleg å setje av tid til å faktisk lese det. Samvitet mitt har fått det for seg at eg heller burde lese faglitteratur, til dømes den norske litteraturhistoria, men det hjelper ikkje om eg har aldri så mykje kunnskap om litteraturhistoria, dersom eg ikkje har lest dei konkrete verka. Akkurat no driv eg på med «Amtmandens Døtre» av Camilla Collett (ei bok som sjølvsagt burde vore ferdig førre veke), og eg kosar meg. Etterpå skal eg lese Peer Gynt. Den skulle vore ferdig til onsdag som var. Ein kan ikkje klare alt, sei. Eg får nytte den kommande helga i sofaen, med lesebrillene på og motivasjonen på høggir, så går det seg vel til, dette òg.

Eg har byrja å nytte gratisbilete frå ulike nettsider på bloggen i det siste. Endeleg skjønte eg at det faktisk var greit å gjere det, og at eg ikkje alltid treng å ha teke bilete sjølv, for å kunne skrive eit innlegg. Dette var ei fantastisk openberring for meg, som har eit hjarte med mykje tekst, men ingen talent for fotografi. Eg skal sjølvsagt ikkje slutte å ta bilete, men no treng ikkje mangel på bilete lenger vere ein unnskyldning til ikkje å skrive. Altså, the Internet is amazing.

No har eg skravla nok. Kanskje kjem eg aldri til å publisere dette ein gong, og då har eg nettopp kasta vekk rundt 15 min – 15 min eg kunne brukt på den søvnen eg ikkje kjem til å få nok av i natt.

God natt ♥

Følg meg på Facebook/ Følg meg på Bloglovin/ Følg meg på Instagram

Foto: Dariusz Sankowski

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *