Klar for å ta fatt på vekas bloggutfordring, opna eg dataen og oppretta eit nytt, blankt innlegg på bloggen. Eg kjente hovudet fylle seg med inspirasjon, med motivasjon, med skriveglede, og eg gleda meg til å fylle denne blanke sida med nye ord. Glad for at inspirasjonen var på plass, klikka eg meg inn for å sjekke vekas tema. «Dette er eg stolt av/nøgd med». Alle orda mine forsvann, fordufta utan vidare, og eg visste plutseleg ikkje korleis eg skulle angripe dette. Skulle eg verkeleg skrive ei liste over ting eg er stolt av? Skulle eg bruke eit heilt blogginnlegg på å skryte av meg sjølv? Eg kjente at det baud meg så sterkt i mot. Og akkurat det frustrerte meg.

«Du skal ikkje tru du duger til noko». Det seier jantelova. Dette tykkjer eg skildrar samfunnet svært godt. Det å skryte av seg sjølv blir altfor ofte sett ned på, som om det er negativt. Som om ein ikkje skal ha lov til å seie slikt om seg sjølv, som om ein ikkje har lov til å vere stolt. Sjølvskryt blir i dag alltid kombinert med ein slags unnskyldning. Eit forsvar. Ei forklaring på kvifor ein ynskjer å skryte av seg sjølv, og eit angrep på jantelova og dei som ser ned på å gjere nettopp dette. Og sjølv om eg absolutt er for ein god fuck you – finger i retning jantelova, så skal det jo ikkje vere nødvendig. Skal det ikkje vere lov til å vere stolt, utan å måtte forsvare si eiga stoltheit først?

Kanskje går eg likevel i fella sjølv, akkurat no. Kanskje nyttar eg denne talen for sjølvskrytet og mot jantelova som eit forsvar for mi eiga stoltheit, som eg jo må skrive om etter kvart. Kanskje er dette mitt forsvar, slik at eg vidare kan skrive kva eg er stolt av. Min fuck you – finger til jantelova. Det er nok det. Dette er mitt vern, det vernet eg argumenterer for at ikkje er nødvendig. I framtida håpar eg at eg klarar å skrive eit slikt innlegg, uten ei slik innleiing først. Utan å måtte unnskylde. Men endå er jantelova for innprenta, for gjeldande, for aktuell. «Du skal ikkje tru du dug til noko». Jo, det skal eg. Og det skal du også. Og me skal tore å seie det høgt.

Så, kva er eg stolt av? Jo, eg er stolt av at eg torde å opprette denne bloggen. At eg torer å skrive her, og at eg legg sjela mi i det. Eg er stolt av at eg flytta til Oslo, trass i at eg nesten ikkje kjende nokon her. Eg er stolt av den fine kjærasten min. Eg er stolt av at eg no er på mitt andre år i ein bachelor i medievitskap ved universitetet. Eg er stolt av at eg har fått gode resultat, og at eg fortset å arbeide. Samtidig er eg også stolt av at eg ikkje alltid prioriterer skulen først, at eg forstår at den ikkje er så viktig, trass alt, og at eg legg det vekk når eg ikkje vil eller orkar meir. Eg er stolt av at eg ser det som er viktig i livet, og at eg tek vare på det. Eg er stolt av at eg har hatt dårlege periodar, og kome meg ut av dei. Eg er stolt av at eg ikkje har gitt opp, når eg har hatt lyst. For det har me alle lyst til i blant.

Eg er stolt av at eg klarar å vere stolt. Og det burde du vere, òg.

Dette innlegget er ein del av ei bloggutfordring eg er med på. Denne vekas tema er «dette er eg stolt av/nøgd med», og dei andre som er med på utfordringa er:
♦  Lisa  ♦  Sunniva  ♦ 
 Tine  ♦

Følg meg på Facebook/ Følg meg på Bloglovin/ Følg meg på Instagram

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *