Eg ynskjer eit varmare Noreg. Eit Noreg med mindre fokus på hat og splitting, og meir på varme og samhald. Eit Noreg der menneske som flykter frå krig og forfølging skal kjenne seg trygge og velkomne, og kjenne at her kan dei byggje ein heim. Eg vil ha ei integrering som fungerer, og som byggjer på tillit og forståing, heller enn hat og framandfrykt. Eg vil fjerne tankane om eit  skilje mellom «dei» og «oss», og heller byggje samfunnet på forståinga av at me alle er menneske som vil hjelpe kvarandre, som vil støtte kvarandre i naud, og som ikkje let oss hindre av at ein kjem frå ulike land i ulike delar av verda.

Eg ynskjer eit Noreg som jobbar mot fellesskap. Derfor ynskjer eg også politikarar som bidreg til dette. Politikarar som får oss til å kjenne oss som eit land, eit folk, og ikkje eit land der berre nokre er velkomne. Der berre nokre er gode nok, der berre nokre er norske nok. Eg vil bu i eit land som ynskjer mangfald velkommen og som ser på ulikskapar som ein styrke, ikkje som ei ulempe. Eit land med menneske som set pris på kvarandre, som ynskjer å lære av kvarandre, og som ikkje set seg opp mot kvarandre, fryktar og hatar. La oss skape eit land utan toleranse for rasisme og hatefulle ytringar, utan framandfrykt og vrangforestillingar. Eg vil ha eit Noreg der me kan respektere andre sine måtar å leve livet på, og forstå at vår fridom, ikkje nødvendigvis er det same som andre sin fridom.

Eg ynskjer eit Noreg med mindre skilnadar. Eit Noreg der dei svakaste blir ivaretatt, og der me passar på kvarandre. Der solidaritet står i fokus, og er den solide grunnmuren me byggjer samfunnet på. Eg ynskjer eit Noreg som gir meir til dei som har minst, og mindre til dei som har mest. Eg vil at me skal sjå kvarandre, og eg vil ha eit samfunn som ynskjer å hjelpe der det trengs. La oss ta tak i fatigdommen som også fins innanfor våre grenser, og gi dei som treng det, hjelp til å komme seg ut.

Eg ynskjer eit meir klimavenleg Noreg. Eg vil ha eit land der klimaendringar og ekstremvær blir teke seriøst. Eit land med eit større fokus på ei betre framtid. Eg ynskjer at våre barn og barnebarn skal få dei same gledene og dei same godene me har fått, og at kloden skal vere i stand til å tilby dei det den har tilbydd oss. Men då må me ta ansvar no. Eg vil satse på framtida og vise at me bryr oss om dei som kjem etter oss, om dei komande generasjonane som også skal bu her. Me har kanskje ikkje alle svara, me har kanskje ikkje framgangsmåten 100% på plass, men me må byrje ein plass. Setje ein strek, og løsne startskotet. La oss gjere utviklinga bærekraftig. Eg vil ha eit Noreg som satsar, eit Noreg som tørr.

Eg ynskjer ei betre framtid. Eg ynskjer mangfald, solidaritet og fellesskap.

Eg ynskjer ei ny regjering.

Kva er dine ynskjer?

Følg meg på Facebook/Følg meg på Instagram/Følg meg på Bloglovin

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *