Valvake på Nationaltheateret. Masse folk, program, politikk og debatt. Valsendingar, spenning, glede og skuffelse. Hjartesukk, gledesrop. Alt i same rom. Magisk.

Eg er på badet på Nationaltheateret, og høyrer folk utanfor telje ned til første prognose. Sukkar over meg sjølv – at det er mogleg å vere så lite taktisk at eg faktisk står her når det skjer store ting der ute. «3, 2, 1». Kjenningsmelodi. Programleiaren for valsendingane si stemme fyller heile bygget. Bygget som for berre nokre minutt sidan var fult av lydar. Menneske som skravla, utveksla meiningar, diskuterte. No er alle stille. «Erna fortsetter som statsminister , i følge den første prognosen», høyrer eg. Lyden når meg heilt der ute på badet. Eg skundar meg ut, og finn alle oppslukt i TVane i gongen, eller storskjermen inne i salen. Nesten ingen seier noko, alle er opptekne med eigne kjensler. Nokon er skuffa, andre er glade og nøgde.

Eg snur meg mot veninna mi, og me ser på kvarandre med blikk som seier det meste. Begge hadde eit anna utfall i tankane, men me bestemmer oss for at ingenting er bestemt, og at mykje kan skje dei neste timane. Det blir kjekkare slik.

Seinare på kvelden er Nationaltheateret på langt nær like fullt som det var. Lyden av skravlinga er likevel fortsatt tydeleg, til og med litt høgare enn tidlegare. Resultatet er klart – det blir ikkje regjeringsskifte. Det er derimot på tide med miljøskifte, i alle fall for oss. Dessutan vil dei stakkarane som fortsatt er på jobb, sikkert gjerne reise heim snart.

Me pakkar saman sakene våre, og går opp mot Stortinget i det Erna kjem gåande. Det er nesten umogleg å i det heile teke få eit glimt av statsministaren, då ho er fullstendig omringa av pressefolk. Lyden og lyset frå kamera forfølgjer ho opp til Stortingsdøra. På vegen opp passerer ho ein gjeng frå Natur og Ungdom, som ropar for eit oljefritt Lofoten. Nokre av dei tørkar tårer, men ingen gjer noko meir enn å rope – alle nøyer seg med ordas makt. Fleire kjem til, klappar og smiler. Applauderer engasjementet. Men sjølv her, medan Noreg nettopp har fått ei ny, borgarleg regjering, og Natur og Ungdom kjempar for gjennomslag, er det god stemning. Folk smiler, ler og klappar. Også folk med «Høgre» på brystet smiler i det dei går forbi.

Me fortsetter kvelden utanfor Stortinget, medan me ser på partileiarane på storskjerm og drikk gratis solbærtoddy. Dagbladet deler ut regnponchoar, då været er litt ustabilt, og me takkar ja. Det er nemleg ikkje så lett å drikke solbærtoddy og halde paraplyen samtidig, trass i at ein faktisk har to hender. Så der står me, på valnatta 2017, saman med ein gjeng andre folk me ikkje kjenner, i Dagbladet sin regnponcho og med solbærtoddy-koppen i hånda, medan partileiarane snakkar til oss frå storskjermen.

Og eg tenkjer på kor fint det er. Sjølv om resultatet ikkje blei som eg hadde håpa, så set eg i denne augneblinken så stor pris på at det er stille. Ingen kjeftar, ingen kranglar, ingen lagar bråk. Og la meg presisere, at sjølv om me ser litt sure ut på biletet eg har valt, og sjølv om det var litt av poenget med dette biletet, så kan eg garantere at latteren sat laust etterpå, det også med han framande mannen som me bad om å fange denne augneblinken på kamera. Rundt oss er alle rolege, og høyrer på partileiarane med respekt. Folk eg veit høyrer til heilt ytst på venstresida smiler og ler, sjølv om ein nok med sikkerheit kan anta at valresultatet ikkje blei heilt som dei hadde håpa, heller. Det er så fint at me kan stå der samla, sjølv om me verken kjenner kvarandre, eller kan rekne med at me alle er på same side i politikken. Samtidig er det også så fint at me kan ytre våre meiningar, slik Natur og Ungdom gjorde, utan at det heller er noko som helst problem. Og eg kjenner kor glad eg er for at me har eit demokrati som fungerer, at me har ytringsfridom som blir respektert, og at me kan stå og sjå på ein storskjerm saman på valnatta, foran Stortinget, utan ein einaste krangel og utan eit einaste skjellsord.

Hurra for demokratiet.

 

 

2 thoughts on “Valnatta og ei hyllest til demokratiet

  1. Den rød-grønne venstresida hadde jo ingen grunn til å surmule. Alle bortsett fra Ap gikk fram. Det holdt ikke til regjeringsskifte men til sammen fikk alle parti til venstre for KrF om lag 16 000 stemmer mer enn de blå. Likevel holdt det altså ikke til å vippe Erna av stolen. Vi får skylde på Venstre.

    1. Ja, det gjekk bra for venstresida med tanke på oppslutnad (bortsett frå AP), så det er dei nok nøgde med. Det skal dei jo også vere nøgde med. Likevel blei det ikkje regjeringsskifte, så alle forhåpningar blei ikkje oppfylte.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *