Morgonens alarm ringde ugudeleg tidleg, men trass i lite søvn denne veka, klarte eg faktisk å karre meg ut av senga berre ein halvtime etter planlagt. Det er bra til meg å vere, altså. Dusja fekk eg også gjort, sjølv om eg tykkjer det å dusje om morgonen er noko ordentleg herk. Heldigvis trengte eg ikkje å ete frukost, fordi IMK (institutt for media og kommunikasjon) arrangerte frukostseminar, noko som då inkluderte gratis frukost – den absolutte himmel for studentar med dårleg tid om morgonen, og kanskje litt for lite i lommeboka. Takk, IMK. Seminaret hadde fokus på valet som var, men i eit medievitskapleg perspektiv, noko som var veldig spennande og faktisk verdt den tidlege morgonen. Det seier mykje.

I det siste har eg byrja å skru av alarmane mine i søvne, noko som er litt kjipt. Dette inneber at sjølv om eg har 6-7 alarmar om morgonen, så kan eg finne på å sove over alle. Godt sovehjarte, sei. Så i helga tok eg grep og lasta ned ein ny alarm på telefonen –Shake-it Alarm. Dette tyder, som namnet insinuerer, at ein for å skru av alarmen må riste telefonen opp og ned i noko eg tippar er minimum 10 sekund. Det høyrer kanskje ikkje så veldig mykje ut, men 10 sekund er faktisk ganske mykje om morgonen, spesielt når du faktisk må bevege deg, i tillegg til at du har ein konstant lyd ringande i øyrene, som du gjerne vil at skal ta slutt. Med andre ord; det hjelper verkeleg til å tvinge kroppen ut av draumeland. Så takka vere min nye alarm, så har eg komme meg opp litt tidleg desse dagane, og fått teke igjen litt av alt det pensumet eg enda ikkje har lest, hehe. Så det er ein aldri så liten anbefaling til alle dykk med godt sovehjarte og ein hjerne som har lært seg at det er fullt mogleg å skru av alarmar utan å måtte vakne først.

I skrivande stund sit eg i kantina på Eilert Sundts hus med Knut Hamsuns Sult føre meg. Den skal eg angripe så snart eg er ferdig med dette innlegget, som sjølvsagt fekk førsteprioritet. Bloggen først, Hamsun etterpå. Sånn må det vere. Eg har kjøpt meg iskaffi, då eg endå ikkje har blitt så vaksen at eg klarar å drikke vanleg kaffi, men treng koffein. I kantina er det foreløpig roleg, sidan det ikkje er lunsjtid endå, så eg tenkte å utnytte dette den neste timen, før det igjen er fullt av svoltne, høglydte studentar. På øyret har eg ei Spotify-lista «Peaceful Guitar» – mi favorittliste når eg skal lese. Roleg musikk, som ikkje forstyrrar, men berre surrar og går i bakgrunnen – reine suksessoppskrifta. Endå eit tips der altså, viss du leitar etter studiemusikk. Men no skal eg takke for meg, og ta til med det eg eigentleg er på Blindern for å gjere, og det er dessverre ikkje å blogge.

Hejdå!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *