… Er eg 30 år gammal.

… Har eg og Vegard etablert oss med eige hus og eigen familie. Me har flytta frå Oslo, noko som var både trist og fint på same tid. Det var nok godt å komme seg ut av byen etter nokre år her, men samtidig trist å forlate denne fine plassen, som eg er så glad i. For ikkje å snakke om vår fine leilegheit.

… Er eg heilt ferdig med utdanninga mi, og har byrja i fast jobb. Eg har fast inntekt, og treng ikkje lenger leve på studentlånet. Hehe.

… Har eg draumejobben – ein jobb som sjølvsagt involverer skriving. Det er alt eg veit. Kanskje er eg journalist? Eller forfattar? Kanskje jobbar eg med sosiale media? Kanskje eg til og med fortsatt bloggar?

… Har eg vunne i lotto og er kjemperik, så heile familien reiser på tur jorda rundt. Neida. Joda.

… Har alle verdas leiarar teke til fornuft, mellom anna ved å ta klimatrugselen på alvor, og me slepp å vere redd for at alt skal gå til he***** når som helst.

… Er det ikkje meir hat, rasisme eller fordommar i verda, og alle menneske har lært seg å leve saman i harmoni. Me er alle berre menneske, trass alt.

… Har eg det kjempefint, og er nøgd med livet akkurat som det er.

Sjølvsagt er eg om 10 år fortsatt saman med han her.

Dette innlegget er ein del av ei bloggutfordring eg er med på. Denne vekas tema (eller eigentleg førre vekes tema) er «kvar er eg om 10 år?», og dei andre som er med på utfordringa er:
♦  Lisa  ♦  Sunniva  ♦ 
 Tine  ♦

Følg meg på Facebook/ Følg meg på Bloglovin/ Følg meg på Instagram

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *