Det er laurdag, og klokka er 14.00. Eg skrur på TV for å setje på eit eller anna useriøst program som kan passe bra som laurdagsunderhaldning, men der møter det meg noko litt meir alvorleg enn det eg hadde i tankane. Noko ein ikkje har lyst til å forholde seg til på ein laurdag. Eller nokon som helst annan dag. For idet eg skrur på TV2 nyhendekanalen, blir eg møtt av ei direktesending frå ein nynazistdemonstrasjon i Göteborg.

Eg blir så oppgitt av at det fins nynazistar. Eg får lyst til å seie: «Kan me ikkje alle berre vere venner?», sjølv om det er tidenes mest naive uttale. For det går ikkje, det skjønnar eg. Men kvifor må det vere så mykje hat? Eg klarar ikkje forstå at det framleis fins menneske som identifiserer seg med nazismen, og eg forstår ikkje korleis det går an å stå inne for den ideologien. For det første er det for meg eit heilt usannsynleg standpunkt å ta, og det følast heilt fjernt at nokre menneske faktisk meiner at det nynazismen står for, er det som er best for samfunnet. At det framleis fins eit så sterkt hat for menneske med ulike religionar, eller for menneske som har andre seksuell legningar, det er for meg absolutt heilt ubegripeleg.

Nynazistane som i går demonstrerte i Göteborg, meiner det finst klare skilje mellom ulike «rasar». Dei ønskjer eit samfunn beståande av den «reine, kvite rase», og meiner at «den kvite rasen» er overlegen. Dei støttar ikkje demokratiske verdiar, og TV2 melder at mange av dei i går bar skilt med bilete av svenske politikarar på, som dei meiner er «forrædarar». Nynazistane hyllar Hitler, og dei uttrykker hat, både ovanfor jødar, menneske frå andre land og homofile. Og i det TV2 rettar kameraet mot nynazistane, kledd i svart og med eigne flagg, kjenner eg at det stikk i magen. Eg blir kvalm. Å sjå at dette er menneske, verkelege menneske, som kjenner at dei kan stå inne for det nynazismen som ideologi byggjer på, gjere meg dårleg.

Dessutan forstår eg ikkje at dei ikkje har lært av historia. At dei ønskjer å gå inn i nynazismen, når dei veit kva den byggjer på og kva dette førte til under 2. verdskrig. Nokre har jo gitt uttrykk for at dei meiner Holocaust ikkje har skjedd, eller at dei ikkje tek avstand frå hendingar under 2. verdskrig, noko som, for meg, er umogeleg å forstå. At nokon menneske kan meine at det som gjekk føre seg under krigen og under Hitler ikkje er grusomt, stiller eg veldig store spørsmålsteikn til. Og utropsteikn, veldig mange utropsteikn – for me må ikkje gløyme at desse haldningane fins der ute. Me må forholde oss til at det fins nynazistar, sjølv om me eigentleg ikkje orkar. For det er viktig å ta innover seg akkurat kor jævlig verda eigentleg er.

La oss sørgje for at hatet aldri skal ta over for gleda, for fellesskapet og for kjærleiken.

Foto: Peter Hershey /unsplash.com

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *