Det var då eg låg under dyna med hovudverk at eg kom på at eg faktisk har ein blogg. Ein blogg eg ikkje har oppdatert på over to veke. Ups. Så då tenkte eg at når eg først skal ligge her med ilt i hovudet, så kan eg vel like gjerne nytte høve til å blogge. Det er sikkert lurt.

Det er i grunn heilt rart at det er to veker eg skreiv her inne sist. Tida berre susar av garde, og eg føler eg må skunde meg for å halde følgje så den ikkje reiser frå meg. Det er heilt håplaust å i det heile teke få gjort halvparten av det eg skal gjere, og eg forstår faktisk ikkje kvar dagane blir av. I det minste kan eg seie at eg byrjar å bli vaksen, for eg har blitt slik som eg lovde meg sjølv at eg aldri skulle bli – ein som irriterer seg over at tida går for fort. Då eg var yngre kunne eg ikkje skjønne kvifor folk alltid klaga over det, for eg syns alltid den gjekk så forbanna sakte. På måndagar hadde eg stort sett lyst til å setje meg ned og grine, fordi fredag verka så himla langt unna. Som om det var fleire månadar til det var helg igjen. Når det no er måndag derimot, blir eg stressa fordi eg tykkjer fredagen kjem for fort. Viss ikkje dette er eit teikn på at eg er blitt vaksen, så veit eg ikkje kva som er.

Elles kan eg ikkje seie at det har skjedd så mykje nytt i det siste. Dagane går som regel til skule og lesing og sånn. Eg kosar meg med det. Vegard har kome langt med oppussinga av leilegheita vår, og den har blitt SÅ fin. De burde vere misunnelege alle mann. Hehe. I tillegg har hausten innteke hovudstaden for fullt, og det byrjar faktisk å bli kaldt. Når eg no går ut av døra må eg ha på både skjerf og skikkeleg jakke for ikkje å fryse, og det følest godt. Faktisk. For sjølv om eg er ein slik som frys heile tida og som alltid klagar over kulda, så har eg sakna den litt likevel. Etter min først sommar på austlandet, som var min mest solrike sommar nokon sinne, er eg blitt bortskjemt og smålei av sol og varmt vær. Så no er eg klar for haust – for kald luft, mørke kveldar og kakao. Og deretter for vinter – med snø, skøyter og JUL. Det er aldri for tidleg til å byrje å glede seg til jul.

Førre veke, 10. oktober, var det forresten verdsdagen for psykisk helse. Det hadde eg jo eigentleg tenkt å skrive eit eige innlegg om, men så var det denne tida då, som berre flyr av garde. Eg tykkjer uansett det er viktig å markere og setje fokus på dette, same kva dag det er. Ei psykisk helse er noko me alle har, og det er derfor rart at det skal vere knytt så mykje skam og tabu til den psykiske helsa vår i forhold til den fysiske. Openheit og bevisstheit rundt psykisk helse er kjempeviktig, og det vil eg vere med å slå eit slag for uansett om det er verdsdagen for psykisk helse eller ikkje. Så ver litt ekstra snill i dag eller i morgon, det er mange rundt deg som kan slite med ting du ikkje kan sjå.

Ha ein framleis fin onsdag!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *