Det var ikkje før eg stod i kø i kantina på Blindern, at eg oppdaga at alle korta mine var vekke. Eg hadde som vanleg berre teke med meg mobilen då eg i pausen på forelesinga gjekk for å kjøpe meg litt mat, fordi alle korta mine ligg i lommebok-dekselet mitt. Denne dagen var det derimot tomt – ingen av dei to bankkorta mine låg der, og heller ikkje førarkortet eller studentkortet. Bibliotekskortet og kortet til treningssenteret var derimot på plass – ein ganske så smal trøyst akkurat i augneblinken. Eg gjekk ut av køen, sette yoghurten min tilbake i hylla og sette kursen tilbake mot forelesingssalen. Korta hadde sikkert dotte ut av dekselet og ned i sekken min, då mobilen hadde lege der tidlegare på dagen. Men der var det ingen kort, og i dei neste 45 minuttane av forelesinga prøvde eg å tenkje ut ei god løysing på kvar desse korta kunne befinne seg, som ikkje innebar at eg nettopp hadde mista alt eg hadde av legitimasjon (bortsett frå passet) ute på gata i Oslo.

Heime frå forelesing tømte eg sekken, snudde den på hovudet, leita gjennom jakkene mine og gjennom heile leilegheita. Ingen kort. På dette tidspunktet byrja eg å bli litt stressa, og eg byrja å forstå at eg måtte sjå sanninga i augo. Alle korta mine låg ute i Oslo ein plass, og eg visste ikkje kvar. Hadde eg mista dei på t-bana? På Blindern? Eller på vegen mellom leilegheita og t-bana? Det siste hadde eg, i overkant håpefull, prøvd å sjekke då eg kom tilbake frå forelesing, utan vidare resultat.

Småirritert på meg sjølv, sette eg meg ned for å byrje på den lange prosessen det er når ein må skaffe seg fire nye kort. Eg meldte førarkortet sakna, eg sperra bankkortet mitt og bestilte nytt (applaus til banken for kjempeenkel app – dette gjekk faktisk veldig lett), og eg sendte mail til universitetet for å få sperra studentkortet mitt, som jo også er eit adgangskort. Trass i at det eigentleg var relativt enkelt å ordne kvar av desse korta, blir ein lettare irritert når ein må gjere det same fire gonger. Ein blir også lettare irritert, eller eventuelt stressa og skremt, av å tenkje på at kven som helst kan ha funne desse korta. Det er med andre ord ikkje å anbefale å miste alt av bankkort, førarkort og studentkort på same tid.

Då eg skulle legge meg, tenkte eg naturleg nok framleis på dette. Mest av alt var eg irritert på meg sjølv, som hadde klart å miste alt ut av dekselet midt på gata utan å merke det. Er.det.mogleg. Eg hadde eigentleg for lengst slege frå meg at eg kom til å sjå eigendelane mine att nokon gong, før eg byrja å tenkje på kva eg sjølv hadde gjort, dersom eg hadde funne nokon sine bankkort liggande på gata. Og det var då openberringa kom: Eg hadde jo sjølvsagt kontakta dei på Facebook. Og det var då eg også skjønte at eg hadde gjort ein rimeleg stor feil då eg ikkje hadde opna den meldingsførespurnaden frå den personen eg aldri hadde høyrt om, som eg hadde fått tidlegare den dagen. For at eg skal verke litt mindre dum akkurat her, så skyt eg inn at denne førespurnaden kom før eg i det heile teke hadde merka at korta mine var vekke. Men likevel, eg tek sjølvkritikk på dette. Og for så vidt på alt anna i denne historia.

For å gjere ei lang historie, som eigentleg ikkje er så spennande, kort: Eg fann meldingsførespurnaden, opna den og såg eit bilete av meg sjølv. Eller eit lite bilete av meg sjølv, eit slikt lite bilete som ein har på førarkortet sitt. Eg såg også dei to bankkorta mine og studentkortet ligge der, i hendene på nokon andre. Heldigvis høyrde desse hendene til ein uvanleg snill mann, som framleis hadde korta mine og som kunne levere dei tilbake dagen etter. Etter skulen den komande dagen fekk eg dermed tilbake alle eigendelane som eg dagen før hadde mista på gata. Eg fekk også vite at eg hadde mista dei mellom leilegheita og t-bana, noko som tyder at eg har vore utan alle korta i omlag to timar før eg merka det. Eg tek sjølvkritikk her òg.

Så, eg fekk altså tilbake alt eg hadde mista! Eg trur framleis ikkje at det er mogleg å ha sånn griseflaks, men det hadde eg altså. Eg må også innrømme at eg faktisk ikkje trudde det fanst så snille folk lenger, men det har denne finnaren motbevist kraftig. Så, dersom du som fann korta mine mot alle odds skulle lese dette – tusen takk, igjen! Du er snill, altså.

Og til dykk andre som les, så er moralen i denne historia som følger:
1. Ikkje mist alle korta dine
2. Opn alle meldingsførespurnadar på Facebook
3. Ikkje rekn med at du har så flaks som meg

Her er eit bilete av ein gris, fordi eg er ein heldiggris, hehe.

Foto: Fabian Blank/www.unsplash.com

3 Replies to “Ei lita gladhistorie

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *