Fredagskveld. Eg hadde overtydd Vegard til å bli med meg ut, fordi eg ville på butikken for å kjøpe sjokolade. På vegen ut døra ropte han plutseleg: «Det snør!» og eg, som gjekk med nasen ned i mobilen, såg opp med det same. Og rett nok, i lyset frå utelampene på blokka dansa små, kvite snøfnugg med vinden – eit nydeleg syn for ein vinterentusiast som meg. Eg stakk mobilen i lomma med det same, sprang ut i mørket og fann tilbake til min indre unge som ville springe og fange snøfnugg og hoppe i slapset på bakken. Når me kom tilbake i leilegheita, med raude roser i kinna og store smil, hadde entusiasmen resultert i at både sko og bukse var fulle av snø og vatn. Men det gjorde sjølvsagt ingenting. Lurer på om eg nokon gong kjem til å vekse frå det, eller om eg som 80-åring framleis skundar meg ut for å sjå på når vinterens første snø leikar seg i vinden for første gong.

Dersom nokon lurar, så er snøen vekke no. Og eg har blitt sopass vaksen at eg skjønar at den første snøen stort sett gjere det, så eg blei ikkje så veldig skuffa heller. Likevel er det tydleg at vinteren er på veg – det merka eg særleg godt då eg gjekk rundt i sentrum i dag med alt for tynn bukse. Det er rart det der, at ein aldri lærer. Det er jo i grunnen ikkje så uventa at det er kaldt i november, så ein skulle tru at eg klarte å tenkje så langt sjølv. I morgon blir det iallefall tjukkare bukse og skjerf.

I dag har eg faktisk vore på kafè. Det er den første søndagen eg har vore utanfor leilegheita på veldig lenge, og det føltest godt. Sjølv om søndagar eigentleg er heilage og skal nyttast i sofaen heime, så var det godt med litt variasjon. Kanskje eg skal bli flinkare til det. Eg fekk i alle fall gjort litt skule, og det var det eit skrikande behov for. Noko av det beste med å studere i ein så stor by som Oslo, er etter mi meining utvalet av kafèar som ein kan sitje og lese på, og som faktisk er opne på søndagar. Nokre kafèar er også veldig vanlege å jobbe på, så då føler ein seg litt som ein liten del av eit større fellesskap, der ein sit mellom alle andre som har konsentrasjonen på fullt, musikk på øyrene og nasen i datamaskina. Det er fint.

Då eg gjekk til kafèen i dag, gjekk eg forbi det som snart skal bli julegata i Oslo. Om ei veke opnar den, og eg gler meg sånn. Snart skal eg stå på skøyter igjen, og vandre mellom alle bodane saman med alt for mange andre folk som også er på leit etter litt ekstra julestemning. Eg gler meg til lysa frå julegata skal lyse opp byen litt ekstra, og til alle dei gode luktane og smakane frå dei ulike bodane. Tenk at det er eit heilt år sidan sist eg gjorde det. Eg kjenner at hjartet og kroppen min gjere eit lite gledeshopp over at det snart er jul igjen.

PS: Gratulerer med farsdagen til alle fedre der ute! Eg håpar de har hatt ein nydeleg dag, og at de veit at de blir sett pris på.

PS 2: Eg driv og eksperimenterer med designet her inne, og det er risikosport for ei som ikkje kan dette så godt, så dersom du er her inne og det ser litt rart ut, så håpar eg du vil komme tilbake seinare ein gong likevel 🙂

2 Replies to “Den første snøen

  1. Goaste Inger! Det er så moro å lesa dine innlegg, og eg kjenner meg godt att i dette med jul og juleforberedelsar. Eg vert aldri vaksen (i alle fall ikkje i hove 😁) når det gjeld jul, snø, nissar og lys 🎅
    De må komma ein tur når eg har julepynta huset her 🎄
    Ha ein fin dag, og helsa tanteguten! Klem ❤

    • Så bra du likar dei! Det kjem nok alltid til å vere moro å pynte til jul😃
      Det hadde vore koseleg!
      Han helsar tilbake 😃 Klem 💖

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *