Ei kjensle av at hovudet er heilt tomt og samtidig heilt fullt. Ei kjensle av stress som ligg og murrar under overflata, men som ein ikkje heilt orkar å kjenne på fordi det er jo søndag. Det er helg, men samtidig ikkje, for ein er nøydd til å byrje å tenkje på neste veke og alt som burde vore gjort. Og så må ein kanskje gjere noko av det som burde vore gjort, også, slik at det blir gjort. Samtidig er det ei sterk kjensle av ro. Dersom det er ein dag i veka der nordmenn faktisk er rolege, så må det vere søndagar. Då skal du jo tradisjonelt sett eigentleg ikkje arbeide, og berre det er jo ein god nok grunn for ikkje å gjere nettopp det. Slik sett er søndagar ganske kjipe og heilt fantastiske på same tid.

Før var søndag den verste dagen i veka. Til og med verre enn mandag. Søndag var dagen då eg berre sat og venta på at veka skulle ta til, den dagen då eg måtte gjere alt eg ikkje hadde gjort i løpet av veka som var og den dagen då eg måtte halde meg til det faktum at det var mandag dagen etter. Og mandag var jo også ein kjip dag. Søndagane var som regel prega av altfor mykje skulearbeid, altfor mange ting å grue seg til i veka som stod for dør og altfor mange kjipe kjensler rundt at helga allereie var over. Det kjentest ut som ei æve til neste fredag, så det var til tider eit stort prosjekt å skulle motivere seg. Stort sett blei eg ikkje motivert, heller. Eigentleg er det litt trist å tenkje på kor mange søndagar som har forsvunne i kjipe kjensler.

No er søndag ein av dei beste dagane i veka. Eg kan ikkje heilt setje fingeren på kva som har skjedd, for stort sett består søndagane av det same som før, bortsett frå litt meir glede. Kanskje har eg lært meg å setje meir pris på den roen som senkar seg over Noregs folk på vekas siste dag? Det er framleis mykje skulearbeid som har blitt utsett og som eg må byrje å ta tak i på søndagar, men det er samtidig noko anna når det er ei studieretning eg sjølv har valt. Alle søndagane eg kjempa meg gjennom på ungdomsskulen og vidaregåande var jo, på eit litt merkeleg vis, for å hamne her eg er no. Dessutan veit eg at det er fredag att før eg rekk å blunke med augo, så eg rekk ikkje å glede meg til neste helg ein gong. Kvifor gjekk ikkje tida så fort før? 15 år gamle meg hadde hata 20 år gamle meg for at eg er blitt ein av dei som påstår at tida går såååå fort. Ein av dei som eg, medan eg sat på skulen ein mandags morgon og så vidt skimta konturane av neste fredag der framme i horisonten, lova meg sjølv at eg aldri skulle bli.

Søndagar er for meg til for dårleg mat og dårlege prioriteringar. Og alt dette består denne søndagen av. No har eg til dømes brukt kanskje ein time på dette innlegget, medan eg kunne ha skrive på oppgåva eg må levere i morgon. Eg skuldar på søndagen.

Bileta er frå då eg og mamma var på kafè i går. Ingenting ved denne søndagen tek seg godt ut på bilete.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *