Hei bloggen! No var det jammen lenge sidan sist eg kikka innom. Eg har ikkje skrive noko i heile desember, faktisk. Eg har ein unnskyldning da, for heilt fram til mandag har eg sutte med nasen i pensumbøkene, og hatt Platon og Aristoteles og Hamsun og Ibsen til langt oppover øyrene. Eksamen har fått absolutt førsteprioritet, og på mandag kunne eg endeleg forlate eksamenslokalet for siste gong dette semesteret. Det var fantastisk, det. Så no kan eg endeleg byrje å leve litt (og skrive litt) igjen, hehe. Så kva har skjedd sidan sist, sånn utenom eksamen? Ikkje særleg mykje, men eg tenkte å køyre ei lita oppdatering på alt det spennande (og eventuelt mindre spennande) eg har gjort.

I går var første dag i årets juleferie, og det var sjølvsagt ein fantastisk dag. Eg og Maria kickstarta jula så godt me kunne, og dagen blei brukt til å stå på skøyter i Spikersuppa, gå på julemarknad og ete churros. Som forresten er veldig godt, dersom nokon vil prøve. Dei er best med sjokolade på. Eller, eg har eigentleg ikkje smakt noko anna enn dei med sjokolade på, men eg har vanskar for å sjå føre meg at noko er betre enn det. Eg hadde også mitt første fall på skøyter, noko som i grunn var ganske moro. Moro fordi halve moroa med å gå på skøyter for min del, er nettopp det at eg ikkje er god og at det konstant er ei overhengande fare for å gå på trynet. And so I did.

Dette er eit fjes som er glad for juleferie!

 

Og dette er eit fjes som nettopp har gått på trynet.

I dag tidleg starta eg dagen på frokostseminar på Nationaltheateret. Dette er noko eg og Maria har gjort litt dette året, og det er veldig spennande. Ikkje berre får ein ete gratis frokost på sjølvaste Nationaltheateret, men ein får samtidig med seg interessante debattar og samtalar om samfunnsaktuelle tema. Det einaste minuset er at ein må stå opp ugudeleg tidleg, men det går fint det òg. Det er verdt det. I dag handla frokostmøtet om #stilleforopptak, som er ein del av #metoo-kampanjen og er skodespelarane sitt opprop mot seksuell trakassering i teaterbransjen. Det var kjempespennande å høyre så mange flinke folk snakke om ein så ekstremt viktig kampanje som det #metoo er. Her skal eg òg snike inn litt skamlaus sjølvpromotering, og leggje til at eg skreiv ein tekst på framtida.no om nettopp #metoo-kampanjen, og at du kan lese den ved å klikke HER, dersom du har lyst. Det er to veker sidan den blei publisert da, og eg har delt den på bloggen si Facebook-side, men om no ikkje alle skulle fått det med seg, så legg eg den her òg.

Eg har ikkje berre vore samfunnsengasjert i dag, altså, eg har òg fått halde fram litt med den kickstartinga av jula eg nemnte ovanfor. Eg og Maria fekk nemleg endeleg drikke kakao på hotell Bristol! Det skulle me eigentleg gjere i fjor òg, men akkurat dette er ein juleaktivitet som er utruleg populær blant oslofolk, så me fekk ikkje bord i fjor, og fekk det nesten ikkje i år heller. Men då me kom på Bristol klokka 10 i dag klarte me å lure oss til eit bord i 30 min, så då kan me stryke det av lista. I morgon blir det julefilm og julegåvehandling! Eg elskar verkeleg desember, det er den beste månaden i heile året. Og i dag snør det også, og det blir eg SÅ glad av.

Og sist, men ikkje minst, i denne lange oppdateringa, så må eg legge til at eg var til frisøren i dag og klippa lugg for første gong sidan eg var veldig liten. Eg tykkjer det er spanande å gjere nye ting med håret, og no var eg litt lei det same gamle. Endeleg fekk eg prøve ut ein frisør i Oslo-området òg. Eg har pleidd å gå til ein frisør heime i Sogndal som eg er utruleg fornøgd med, men no passa det så fint med ein liten frisørtime når eg fekk tidleg juleferie, så då fekk eg gå for ein i Oslo. Og dei var heldigvis flinke her òg, sjølv om det var utruleg skummelt å sjå så mykje av håret forsvinne ned på golvet framfor augo på meg. Men eg blei nøgd, og no ser eg altså slik ut:

Så det var det! Dette er det eg har brukt tida på sidan sist. Eigentleg er det dette eg har gjort dei to siste dagane, for vekene før sat eg på skulen frå ca klokka 09.00 til 18.00 kvar dag og det er jo ikkje særleg spennande å korkje skrive eller lese om. No skal eg halde fram med juletradisjonane mine, og snart sjå handballkamp, som eg har gleda meg til i heile dag. Handball er ein av mine viktigaste desembertradisjonar, og eg går stort sett aldri glipp av ein kamp. I kveld er det kvartfinale mot Russland, og eg skal benke meg framfor TV med julebrus og mandarin og heie Noreg fram til seier. Forhåpentlegvis. Snakkast snart!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *