Hei, 2018!

Hei, og godt nyttår til deg på andre sida av skjermen!

Då var det på tide å børste støv av denne nettstaden att. Sidan sist har eg berre hatt juleferie, og med det valde eg også å la alt som heiter blogg og datamaskin ligge trygt nedpakka i sekken og ikkje ofre det ein tanke. La heile Internett få ein aldri så liten pause frå meg, medan eg kosa meg heime på sofaen hjå mamma og pappa med bøker, julemat og sjokolade til alle tider. Eg har faktisk ikkje rørt dataen sidan eg la den i sekken etter haustens siste eksamen var over, og det har vore utruleg godt. No har det derimot blitt 2018, og det er på tide å komme i gang igjen. Som student har eg sjølvsagt juleferie ei stund til, hehe, men eg håpar å kome i gong med lesinga litt før eg må, slik at eg kanskje får litt betre tid i dette semesteret enn i førre. Samtidig er det viktig å ikkje ha for store forhåpningar, for dette seier eg på byrjinga av kvart einaste semester, og likevel får eg stort sett dårleg tid når eksamen nærmar seg. Men det er viktig med ambisjonar.

I og med at dette er årets første innlegg her inne, så er det vel naturleg å skrive litt om nyttårsforsett. I utgangspunktet er eg ikkje så altfor glad i nyttårsforsett, då det einaste det ordet minnar meg om, er heilt urealistiske mål om eit betre liv. Det orkar eg ikkje, for det følest litt som å garantere at eg ikkje kjem til å lukkast. Likevel har eg jo nokre tankar om det nye året – noko eg har lyst til å bli betre på eller fokusere meir på. Så då har eg vel kanskje nyttårsforsett likevel.

Mitt største mål, eventuelt nyttårsforsett, er å få meir orden på dagane mine. Dersom eg skal oppsummere mitt komande år med eit ord, så blir det struktur. Eg ønskjer meg rett og slett betre rutinar i kvardagen, slik at eg lettare skal få tid til alt eg har lyst til. Førre år tykte eg tida gjekk altfor fort, og sidan eg ikkje har funne nokon måte å få den til å gå saktare på, så tenkjer eg at mitt beste alternativ er å prøve å disponere den tida eg faktisk har, litt betre. Så det er altså planen. Eg er eigentleg utruleg dårleg på å planlegge, men dersom eg verkeleg går inn for det, så trur eg kanskje eg skal klare å løyse det på ein OK måte likevel.

I tillegg til dette har eg sjølvsagt nokre andre, litt mindre mål, som eg har lyst til å ha fokus på. Blant anna har eg lyst til å bli endå flinkare til å finne glede i dei små tinga, du veit, dei tinga ein som oftast gløymer å tenkje på og som ein berre tek for gitt, men som eigentleg gjer dagen litt betre. Eg har også lyst til å lese meir skjønnlitteratur, noko eg har hatt som mål i fleire år, men som eg ambisiøst fører opp på lista også i 2018. For eg har jo faktisk blitt flinkare, særleg sidan eg førre semester hadde mykje skjønnlitteratur på pensum, men eg vil bli endå flinkare. Samtidig vil eg også skrive meir, både her på bloggen, men òg utanom bloggen, berre for meg sjølv, for å sjå kva eg eigentleg har å by på og for å prøve å utvikle meg endå meir. Eg har sjølsagt òg lyst til å bli flinkare til å publisere innlegg her inne, og kanskje vidareutvikle bloggen med litt meir struktur (som er mitt nye favorittord), slik at det ikkje blir så lenge mellom innlegga, men eg skal vere litt forsiktig med kva eg lovar. Samtidig er det jo naturleg at eg, dersom eg skriv meir, også får meir materiale å publisere. Så me får sjå korleis det går. Kanskje det blir meir variasjon i tekstane mine òg.

Så, det var mine planar for 2018. Eg håpar de har lyst til å vere med på det, og at de framleis vil følge med her inne. Det set eg stor pris på. Det er alltid like koseleg å høyre at folk les bloggen min, og det gir meg mykje inspirasjon til å halde fram med skrivinga. Gjerne del dykkar mål for det nye året, dersom de har nokon.

Snakkast!

Post created 34

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Related Posts

Begin typing your search term above and press enter to search. Press ESC to cancel.

Back To Top