Nei, det er ikkje ein bagatell

Eg sat godt plassert i sofaen, langt inne i Facebook-feeden min, då det dukka opp ei sak frå Dagbladet som eg kjende at vekka meg frå min vanlege sosiale medier- døs. Eit bilete av Carl I. Hagen og overskrifta «Hagen tar Giske i forsvar: – Det som før var normalt er nå urimelig», var det eg hadde fått auge på, og då eg hadde lest det som eg opplever som bagatellisering av og mangel på forståing av seksuell trakassering, kjende eg det klø i fingrane etter å skrive eit motsvar.

La meg presisere – det er ikkje nødvendigvis sjølve Giske-saka eg ønskjer å kommentere, sjølv om den naturlegvis blir veldig sentral. Eg ønskjer derimot å peike på haldningar som kjem til syne i Hagen sine uttalar, der eg meiner han bagatelliserer seksuell trakassering, fordi eg meiner han har misforstått både kva denne saka handlar om, kva seksuell trakassering er og dermed også kva #metoo-kampanjen er. Han uttrykker i sine uttaler fleire døme på misforståingar rundt heile kampanjen og korleis ein skal møte historier om seksuell trakassering, misforståingar eg veit fleire enn Hagen sit med. Og det er desse misforståingane eg vil kommentere.

First of all – dette er saka eg snakkar omSaka omhandlar som sagt den mykje omtalte Giske-saka, som er ei sak dei fleste nok har fått med seg, og som kort sagt inneberer at Trond Giske har gått av som nestleiar i Arbeiderpartiet etter at fleire har varsla om og fortalt historier om upassande handlingar frå hans side. Dette er ein av fleire saker som har komme til overflata i kjølvatnet av #metoo-kampanjen. I denne artikkelen frå Dagbladet er det snakk om ei spesifikk historie frå ein av varslarane, Line Oma, som er lokalpolitikar i AP, og som tidlegare har fortalt si historie til NRK. Ei historie som av Dagbladet blir oppsummmert slik:

«Hendelsen hun har varslet om, fant sted da hun som 23-årig praktikant ved den norske ambassaden i India i 2010 møtte Giske, som den gang var 43 år og næringsminister. Ifølge Oma presset Giske henne opp mot veggen og stakk tungen ned i halsen hennes, mot hennes vilje.»

Dette er altså historia bak. Ei 23 år gamal jente blir holdt mot veggen og kyssa, mot sin vilje, av ein 20 år eldre mann, som altså var næringsministar i Noreg. Personleg meiner eg at denne historia utan tvil kan kategoriserast som upassande åtferd, og det er for meg heilt tydeleg at dette ikkje er greit. Som 20 år eldre sjef bør ein i utgangspunktet halde seg unna å prøve seg på nokon som jobbar under ein, og ein bør iallefall unngå å presse seg på vedkommande mot deira vilje. Sjølve hovudproblemet i slike tilfelle er nettopp dei asymmetriske maktforholda i situasjonen, i dette tilfellet at ein 20 år eldre næringsministar prøver seg på ein praktikant, og dette elementet blir av altfor mange oversett når slike historier kjem fram. Når ein har slike framtredande og viktige stillingar med makt, som til dømes det å vere næringsministar eller å vere nestleiar i Arbeiderpartiet, blir det forventa eit visst nivå på åtferda ein har. Slik er det berre, og når ein går inn i ei slik stilling, må ein derfor også ta innover seg det som blir forventa av ein i interaksjon med andre medmenneske. Det bør vere greit å forstå. Men likevel, Carl I. Hagen er  ikkje samd i dette, noko som kjem til uttrykk blant anna i følgjande sitat:

– Trond Giske og Line Oma var frivillig sammen på et utested. Måten han sjekket henne opp var kanskje et overtramp, men det er ikke alvorlig nok til at det skal få ham fjernet som nestleder ti år etter at hendelsen fant sted

For det første, Carl I. Hagen, dette er ikkje å sjekke opp. Å halde nokon mot ein vegg og kysse dei mot deira vilje, er ikkje å sjekke opp nokon. Å sjekke opp nokon er å vise interesse på ein respektfull måte, ikkje å trenge seg på utan samtykke. Dette er seksuell trakassering, det er å invadere andre sitt privatliv, det er å ikkje respektere andre sine grenser. Og av ein 20 år eldre næringsministar er det misbruk av makt. I kjølvatnet av #metoo-kampanjen har eg sett uttalen «er det ikkje lov å sjekke opp kvinner ein gong, no då» ganske mange gonger, og det er akkurat det eg føler Hagen seier her. Og det er ei grov misforståing av kva kampanjen handlar om. For dette er ikkje å sjekke opp nokon. Det er absolutt mogleg å sjekke opp kvinner utan at dei skal plasserast i ein ukomfortabel situasjon og kjenne seg trakassert.

Foto: Jerry Kiesewetter

For det andre; det at dei friviljug var saman på ein utestad, unnskylder på ingen måte det som hendte. Oma har på ingen måte gitt Giske lov til noko som helst, berre ved å vere på same utestad som han. Det å vere ute på fest legitimerer ikkje overskriding av andre sine grenser. Det er ikkje slik det fungerer, og det bør vere så enkelt. Dersom ei kvinne er på same utestad som ein annan mann, har ho på ingen måte akseptert eller gitt samtykke til at denne mannen skal trykke ho oppetter ein vegg og stikke tunga inn i munnen hennar. Hagen er derimot framleis ikkje samd med meg, og seier følgjande til Dagbladet:

– Etter metoo-kampanjen er det ingen som har lyst til å si høyt at de syns det Giske har gjort, bare er en bagatell. Men vi må huske at metoo har endret spillereglene for hva vi syns er akseptabelt. Nå blir ting Giske gjorde for 15 år siden, vurdert opp mot dette regelverket. Det som før var normalt, er nå urimelig.

Dette tykkjer eg er litt merkverdig lesnad. For nei, dette er ikkje ein bagatell. Det er ganske alvorleg å halde nokon opp mot ein vegg og kysse dei mot deira vilje. Det er faktisk ikkje greit. Og det at det her blir omtalt som om  det var normal åtferd heilt fram til #metoo-kampanjen, tykkjer eg òg er veldig rart. For heller ikkje i 2010 var det «normalt» å sjekke opp nokon ved å halde dei mot ein vegg og stikke tunga di ned i halsen deira. Eg var kanskje berre 13 år i 2010, men såpass veit eg – det var ikkje normalt då, og det er ikkje normalt no. Det er ikkje greit.

Vidare meiner Hagen tilsynelatande at fordi dette skjedde for nokre år sidan, bør det ikkje bli ei sak no. Der er eg også usamd. For ja, i nokre tilfeller kan det vere legitimt å stille spørsmålsteikn ved kor langt tilbake i tid ein skal gå, men eg meiner at det ikkje er tilfelle i denne saka her. Ikkje når det er snakk om nestleiaren i Noregs største parti. Grunnen til det er at Giske som nestleiar er fullstendig avhengig av folkets tillit, noko han i kjølvatnet av dette har mista store delar av. I tillegg er dette ein stilling som inneberer mykje makt, og det er viktig at denne makta blir brukt riktig. Dette er heller ikkje eit eingongstilfelle, då det har kome fleire varslar mot Giske. Og derfor er det viktig å ta historiene på alvor.

Så nei, Hagen, dette er ikkje ein bagatell. Dette har ikkje vore «normalt» inntil nyleg. Dette er ikkje å sjekke opp nokon.

Dette er seksuell trakassering. Og det skal takast på alvor.

Foto: Nicole Adams

Post created 34

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Related Posts

Begin typing your search term above and press enter to search. Press ESC to cancel.

Back To Top