Livet,  Oslo

Tredje tysdag i januar

08.30. Eg vaknar opp til ein kvit vegg utanfor soveromsvindauget, og det krev ikkje særleg mange klikk på Internett før eg finn ut at det snør. Utanfor vindauget ligg snødekte Oslo, og eg tenkjer litt over kor vakkert det er, særleg når ein ser det frå 8. etasje. Eg tek meg god tid denne morgonen, og nyt det at eg framleis ikkje har forelesingar å rekke. Spelar musikk på høgtalaren og scrollar meg gjennom sosiale media medan eg et frokost. Då eg ei stund seinare banar meg veg gjennom snøen på veg mot t-bana, kjennest kroppen litt ekstra lett, og eg kosar meg med snø i håret og raude kinn. Det er rart kor mykje snøen varmar eit vinterhjarte.

10.30. Av ein eller annan grunn må eg alltid gå fort for å rekke t-bana, uansett kor god tid eg eigentleg har hatt om morgonen, og i dag er intet unntak. Men eg rekk den, slik eg pleier. På t-bana er det lite folk på denne tida av dagen, og eg likar det. Eg får sitje heilt aleine, og eg tenkjer litt på kor utruleg typisk norsk det er at alle menneska på bana set seg lengst mogleg unna kvarandre. Alle nye passasjerar saumfarar heile bana etter ei ledig setegruppe, før dei eventuelt set seg med nokon andre. Det er alltid siste utveg. Eg set øyreproppane i mobilen og trykker på det grønne Spotify-ikonet. Denne helga laga eg ei ny speleliste, og eg har gleda meg sidan då til første t-banetur med ny musikk. Til min irritasjon har eg sjølvsagt gløymt å laste ned spelelista slik at eg får tilgong offline, så difor endar eg opp med å laste den ned via 4G. Ikkje dagens beste avgjersle, men det går vel bra. Utanfor susar Oslo forbi meg, og eg beveger meg nærare og nærare sentrum.

11.00. Eg kjem fram til det som er dagens leseplass – kafèen og bokbaren Ugla i Kristian Augusts gate. Her er det roleg, med behageleg musikk og fin atmosfære for pensumlesing – absolutt ein av mine favorittlesekafèar i Oslo. Berre det å vere omgitt av bøker medan ein sit og jobbar gjer mykje med motivasjonen og stemninga. Eg surrar vekk litt tid på sosiale medier, før eg til slutt kjem i gong. Eg treng ikkje gå djupare inn på det, for no er klokka 14.42 og eg sit og skriv på eit blogginnlegg, så det seier vel alt om korleis den lesinga gjekk.

14.45. Snart skal eg setje kursen heimover igjen. Snart skal eg ut att i snøen og gå mot Nationaltheateret t-banestasjon, bane meg veg mellom alle menneske som skal hit og dit. Trass i at eg ikkje har forelesingar enno, klarar eg likevel alltid å reise heim midt i rushtida. Ein skulle tru eg kunne planleggje litt betre så eg slapp å presse meg inn i ei overfylt t-bane, men det klarar eg visst ikkje. Dessverre har det slutta å snø òg, så det blir lite snø i håret på vegen tilbake til leilegheita. Men det er framleis snø på bakken, og det er uansett betre enn ingen snø. Tykkjer eg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *