Women’s March, Oslo 2018

l dag, 21. januar klokka 14.00, var det duka for årets Women’s March i Oslo. Det heile blei sparka i gong med appellar og song på Youngstorget, før alle frammøtte saman gjekk opp til Stortinget. Både kvinner og menn møtte opp, nokre med store banner og plakatar, andre utan, men dei var alle til stades av same grunn; for å syne si støtte til #metoo-kampanjen, sin solidaritet til dei som har stått fram med sine historier, og sin motstand mot seksuell trakassering og overgrep. Og blant alle desse stod vesle meg, aleine, med rosa skjerf og raud lepestift og blikket retta mot konferansier og appellantar der oppe over menneskemengda. Eg var i grunnen litt stolt av meg sjølv for at eg hadde turt å reise på eit sånt arrangement heilt aleine, og eg følte meg allereie litt som ei strong, independent woman.

Der eg stod midt mellom alle desse engasjerte kvinnene og mennene, blei eg fylt av ei kjensle av å vere ein del av noko stort. Noko større enn det vesle meg på Youngstorget eigentleg hadde føresetnadar for å forstå. Ein revolusjon. For metoo-kampanjen er nettopp det – det er noko stort, det er eit vegskilje, det er ein revolusjon. Frå no av er ikkje seksuell trakassering  noko kvinner «berre må tåle». Fra no av skal seksuell trakassering takast på alvor. Frå no av vil forhåpentlegvis fleire arbeidsgivarar ha større fokus på seksuell trakassering, og fleire vil lytte når ei kvinne fortel om upassande åtferd på ein arbeidsplass. For å sitere sjølvaste Oprah Winfrey: «A new day is on the horizon!» Dersom du forresten enda ikkje har sett talen ho heldt på årets Golden Globes, så anbefaler eg deg sterkt å sjå den her. Den er absolutt fantastisk, og kan gi sjølv den mest kjenslelause person frysningar på ryggen.

No skal eg ikkje kome med noko lengre utgreiing om kvifor #metoo-kampanjen er så viktig, for det reknar eg med at de allereie veit frå før. l staden skal eg ta dykk med på årets Women’s March i Oslo gjennom nokre bilete frå dagen. Enjoy! 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *