Alt og ingenting,  Livet,  Sidan sist...

Sidan sist…

… har me feira 48-årsdag! Med andre ord; eg har blitt 21 og Vegard har blitt 27. Ikkje spør meg kva som skjedde med mitt første år i 20-åra, for det kan eg ikkje svare på. Det berre forsvant, og plutseleg er eg eit år eldre. Me hadde iallefall ein veldig fin bursdag med fine folk og god stemning. I tillegg hadde me både ballongar og kake med lys, for sjølv om det var 48-årsdag så var det jo likevel bursdag. Og då er ballongar og kake trass alt obligatorisk.

… i og med at eg og Vegard har bursdag same dag, pleier me å reise på tur i staden for å kjøpe gåve til kvarande. Det har me alltid gjort, og det er den beste idèen me nokon gong har hatt. I år var det London som var destinasjonen, og me kosa oss så masse. I løpet av 3 dagar, rakk me å sjå dei fleste store turistattraksjonane (me støytte på ein liten nedtur når me innsåg at Big Ben for tida blir restaurert, og dermed er fullstendig dekka av stillas, men det gjekk fort over), i tillegg til at me, som dei nerdane me er, brukte nesten 4 timar av fredagen på Harry Potter Studio Tour – ein moglegheit til å gå rundt på settet som blei brukt i Harry Potter-filmane. Me har også brukt nokre timar i buss, då det viste seg at den raude dobbeltdekkarbussen London er så kjend for, både var eit praktisk framkomstmiddel og ein fantastisk fin måte å sjå byen på. På fredagen var me faktisk ute nesten 12 timar i strekk, og avslutta kvelden med å bestille kinesisk take away klokka 01 om natta. Med andre ord; Det var ein veldig bra tur.

… har eg «feira» Valentinsdagen. Eg er eigentleg ikkje så veldig oppteken av slike dagar, men eg har innsett at Valentinsdagen er ein veldig god unnskyldning til å gjere ting ein vanlegvis ikkje ville gjort på ein vanleg dag (i dette tilfellet ein onsdag), som til dømes å ete middag ute. Eller å spele minigolf. Så difor gjorde eg begge. Og som de kan sjå på biletet så var eg svært god (merk deg at den raude ballen på eit eller anna vis klarar å hoppe over holet).

… elles har livet stort sett berre gått sin gang. Eg er framleis i kappløp med tiden, og eg ligg alltid 100 meter bak. Men slik er det vel berre. Alle seier jo at tida går fortare og fortare jo eldre ein blir, så før eg rekk å blunke så er eg vel blitt 22, tenkjer eg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *