Alt og ingenting,  Livet

Ein fin fredag

Fredag, 23. februar

Klokka er 23.22. Eg sit ved spisebordet med datamaskina foran meg og eit glas drikke ved sida av meg. Til høgre og åtte etasjar ned ligg Oslo i mørket og kulda, og til venstre står TVen framleis på NRK Nett-TV. Eg avslutta TV-fredagen med førre vekes episode av Skavlan for ei lita stund sidan, berre fordi eg måtte sjå Matt LeBlanc. Det er altså han som spelte Joey i Friends – mitt favorittshow på TV of all time. Eg veit ikkje kor mange gonger eg har sett alle sesongane, men det er mange. Og det beste er at eg framleis kosar meg like mykje med alle episodane den dag i dag, sjølv om eg kan nesten alle replikkane utenatt (og det er ikkje ein gong overdriving). Dei er liksom vennene mine.

I dag har eg vore aleine heile fredagskvelden, og eg har kosa meg sånn. Ikkje fordi eg er lei av å henge med kjærasten, for han er jo verdas finaste menneske, men fordi eg ikkje kan hugse sist gong eg hadde ein heil kveld berre for meg sjølv. Eg er heldigvis blant dei som trivast utruleg godt i sitt eige selskap, ein eigenskap eg har hatt heilt sidan eg var lita, og i blant er det faktisk nødvendig å berre få vere aleine. Ikkje fordi det er noko som helst feil med folka eg omgir meg med, men fordi eg treng å vere litt inni mitt eige hovud, i mine eigne tankar, og berre vere. Heilt stille. Eg kan ikkje forklare det på nokon annan måte enn at eg ein gong tok ein personlegdomstest på Internett som påstod at eg var 97% introvert. Så det er vel difor eg no har vore aleine sidan klokka 17, utan å ha gjort nokon ting spesielt, og eg framleis kosar meg glugg.

Apropos det å trivast aleine med sine eigne tankar – på mandag tok eg MR for første gong i mitt liv. Og då kom verkeleg denne lille evna til nytte. For i det eg blei sendt inn i denne røntgenmaskina, som eg fort innsåg at var mykje mindre og trongare enn eg hadde trudd, så skjønte eg at eg anten måtte bruke dei neste 20 minutta på å puste og konsentrere meg om å ikkje trykke på alarmknappen, eller eg måtte lukke augo, forsvinne inn i mine eigne tankar og late som om den fysiske verda utanfor augelokka mine ikkje var ei MR-maskin akkurat der og då. Nokre dagar før eg skulle ta MR-en spurte ei venninne meg om eg nokon gong har hatt klaustrofobi, i og med at det jo kan vere problematisk når ein plutseleg må ligge heilt i ro i ei slik maskin i 20 minutt. Eg sa nei, noko eg framleis meiner, men idet eg blei sendt inn i maskina kjende eg likevel pulsen slå litt ekstra fort, og eg måtte minne meg sjølv på å puste ordentleg. Så poenget mitt er; takk til hovudet mitt for at eg på det tidspunktet kunne flykte inn i mine eigne tankar, inn i eit rom som akkurat då var mykje større enn det som fanst utanfor augo mine, og for at dei 20 minutta som først kjentest som ei æve, egentleg gjekk ganske fort. Og for at eg eigentleg hadde det ganske fint, til og med inne i ei bråkete MR-maskin.

No trur eg faktisk at eg skal klappe saman dataen, og gå å legge meg snart. Kanskje ta med meg ei av bøkene som eg må lese ferdig til mandag. Heldigvis er det ei bra bok, så det kjennest ikkje ut som om eg les pensum, sjølv om det er akkurat det eg gjer. Eg føler meg nesten litt «gammal» når eg skal gå og legge meg før midnatt ein fredagskveld, etter å ha vore aleine heile kvelden og stort sett berre sett på Gullrekka på TV. Som eg sa til mamma; det skjedde eit eller anna etter at eg blei 21. For det første så har eg byrja å gå med sekk i staden for veske når eg skal ut, sånn fin, liten sekk, veit du, fordi veske blir tydelegvis for slitsamt og vanskeleg å handtere. Dessutan er det tungt for skuldrene, og no har eg verkeleg byrja å setje komfort over skjønnheit. Akkurat dette har for meg alltid vore noko berre vaksne gjorde – alltid så fornuftige. Og for å toppe det heile så brukte eg, friviljug, over 200 kroner på krystallglass førre helg. Av alle ting. Er 21 den magiske grensa? Ikkje veit eg, men no skal eg iallefall legge meg, sjølv om klokka berre er 23.58.

Oppdatering: Eg gjekk visst ikkje for å legge meg likevel. Eg blei sitjande ved tastaturet og skrive, og plutseleg så var klokka 01.33. Diverre har eg ikkje skrive noko for bloggen heller, før de trur at det kjem til å renne inn med innlegg her framover. Noko skriv eg berre for meg sjølv og mine eigne augo, iallefall foreløpig. Så får me sjå. Eg skal prøve å skrive litt for bloggen også, altså. Eg har tekstar i utkast-mappa mi, eg må berre tørre å trykke publiser. Kanskje tørr eg det ein gong. Eller så får eg skrive noko anna. Men no skal eg iallefall først og fremst gå å legge meg, for det blei plutseleg ikkje så tidleg likevel. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *