Tysdag, 11:27

Heisann!

I dag har eg ein roleg dag, og det er så herleg. Dette semesteret er eg så heldig at eg har undervisningsfri to dagar i veka, tysdagar og fredagar, så i dag bestemte eg meg for å dra 100% nytte av det. Eg sov lenge og stod ikkje opp før 10, og for augeblikket sit eg i sofaen med teppe, ein kopp te og ein peisvideo frå YouTube. Det er forresten eit godt tips dersom de ikkje har, men har lyst på, peis – sett på ein video av eit bål eller ein peis på TV. Det høyrest ut som fullstendig galskap, men det har blitt ein suksess her i heimen. Ikkje berre kan me lure oss sjølv til å tru at me har peis, men i tillegg så blir TVen, som til vanleg er eit stort distraksjonsmoment, ganske nøytralisert. Plutseleg er det som om den ikkje er der lenger, for der er det jo ein peis.

Berre sjå kor koseleg dette er, då!

I går hadde me forresten ein relativt dårleg start på veka, då vår kjære BMW bestemte seg for å få motorstopp midt på ring 3. Det som i utgangspunktet berre skulle vere ein rask køyretur for å ordne eit ærend, blei plutseleg til ein heil ekspedisjon for at me skulle komme oss heim att til Trosterud. Bilen blei henta av redningsbil og er foreløpig på verkstad, medan me måtte prøve ut alternative bussruter som me aldri hadde prøvd før. Me fekk i det minste ein fin sightseeing, då. Heldigvis bur me i Noregs hovudstad og har eit T-banestopp fem minutt unna, så livet utan bil blir nok ikkje særleg komplisert, likevel.

I går byrja me (les: Vegard) å pusse opp soverommet også, så i natt har me sove på gjesterommet. Me har nemleg det luksusproblemet at me ventar så mykje besøk den næraste tida, at me måtte byrje å pusse opp no dersom me ikkje ville vente fleire veker til neste moglegheit. Eg tykkjer det er eit veldig fint «problem» å ha, for det er så hyggeleg å få besøk og vise fram byen vår – den er jo så fin.

Dette er meg som seier ha det til det noverande (og drøymer om det nye) soverommet.

No skal eg prøve å jobbe litt! Eg har sett på ein islandsk artist som spelar veldig roleg og behageleg musikk på høgtalarane, så dette må jo gå bra. Det einaste er at det er bikkjekaldt i Oslo for tida, noko som òg merkast her inne. Heldigvis har eg peis (hehe).

Korleis er din tysdag? Eg håpar den er minst like bra som min!

 

Post created 34

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Related Posts

Begin typing your search term above and press enter to search. Press ESC to cancel.

Back To Top