Månadoppsummering

Om februar

Februar kom og gjekk – som ein liten bris som du så vidt legg merke til at stryk over andletet ditt, før den forsvinn like fort som den kom. At det har gått 29 dagar sidan kalendaren bytta frå januar til februar er eit mysterium i seg sjølv, og at me allereie er to månadar ut i 2018 er ubegripeleg. Altså, eg slit framleis med å hugse at det faktisk er 2018, liksom. Seinast i dag måtte eg tenkje meg om både to og tre gonger før eg innsåg at 2015 var tre år sidan, og ikkje to. Uansett – det har iallefall skjedd mykje denne månaden, så eg tenkte eg skulle ta ein liten oppdatering.

  • Me har feira bursdag og blei naturleg nok eitt år eldre. 21 verkar så langt til å vere ein veldig bra alder.
  • Me reiste til London i ei langhelg for å feire bursdag, og hadde det så fint. Me gjorde masse turistgreier, køyrte dobbeltdekkerbuss i alle retningar og sprang i regnet så Vegard måtte tørka skoa sine me hårfønaren på hotellrommet.
  • Me har hatt mykje fint besøk, og mamma og eg var blant anna på teater og såg musikalen Hair. Eg likar teater skikkeleg godt, men av ein eller annan grunn så er det liksom ikkje noko som ein gjere særleg ofte. Eg tok meg også litt vinterferie medan mamma var på besøk, sjølv om eg eigentleg ikkje hadde det, og det var fint å ha litt ekstra fri til å berre vere med mamma og nyte Oslo.
  • Eg har teke mykje bilete med polaroid-kameraet som eg fekk av Vegard til jul, og eg har snart fylt opp mitt første, lille album. Fire av bileta kan du sjå under her; to frå sjølve bursdagen og to frå turen til London. I samband med dette har eg også utvida min digitale kompetanse, og lært meg korleis eg skal bruke skannaren på skrivaren vår.
  • Det har vore ordentleg vinter, også i Oslo, og me har hatt ganske mykje snø. Det har eg kosa meg så masse med, og utruleg nok er eg enda ikkje lei av at heile byen er kledd i kvitt (noko resten av Oslo verkar for å vere).
  • Eg hadde aleinekveld for første gong på lenge, og hadde det så hyggeleg med mitt eige selskap. Samtidig gler eg meg veldig til eg og Vegard skal ha fredagskveld saman igjen, noko som skjer allereie i kveld. Det blir fint. Det er liksom noko med fredagskveldar – ein heilt spesiell stemning. Og det er ikkje mykje (les: ingenting) som slår å sitje i verdas beste armkrok med eit glas Pepsi Max, pizza og Gullrekka på NRK.

Det var altså februar. No snur eg kalendaren og helsar mars hjarteleg velkommen! Offisielt skal jo dette vere den første vårmånaden, men det ser ikkje ut til å stemme med det første. I går var det iallefall kaldt i hovudstaden – eg hadde mest lyst til å ta med meg heile dyna på t-bana til skulen. Eg lèt det vere, då, men eg måtte pakke meg inn i nokre ekstra lag med varme kle før eg våga setje den første tåspissen utanfor inngangsdøra til blokka. Her oppe hjå oss er det i tillegg litt vind, det tykkjer iallefall eg som er oppvaksen på ein stad der vind er eit ukjent konsept, så i det ein går ut døra og rundar hjørnet på blokka, så får ein liksom alle kuldegradene slengt i trynet. Og i dag kjende eg fort at det var litt for mange kuldegrader til at andletet mitt sette særleg pris på det. I dag har eg derimot ikkje vore utanfor døra endå, så eg kan eigentleg ikkje uttale meg så veldig om temperaturen, men det er iallefall kaldt her inne. For augeblikket sit eg rett ved ovnen med den tjukkaste strikkegensaren eg har i klesskapet og vårt varmaste pledd, og eg frys likevel. Særleg fingrane mine er veldig kalde, og det er like før eg går og hentar vottar. Men det går fint, altså, det er jo litt koseleg, dette òg.

Håpar de har hatt ein fin februar, og at mars blir endå betre. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *