6 måtar å gjere måndagen litt betre på

Så var det måndag igjen, og ein ny runde med kvardagar står for tur. Fem dagar med jobb eller skule, før me på ny kan setje oss i sofaen på fredagskveld og innta fullstendig kvilepuls. Og sjølv om dette går fortare enn du trur, og du snart står på kjøkkenet og lagar fredagstaco (eller, som oss, fredagspizza), så kan det likevel hende at du treng litt motivasjon på vegen. Litt ekstra glede, inspirasjon til å setje i gong og gjere desse neste fem dagane til dei mest produktive nokon sinne. Det veit eg at eg gjer, iallefall. Så difor har eg samla fem ting som kan gjere mandagen min (og kanskje din) litt betre:
(Det meste på lista er forresten like brukbare på andre kvardagar òg)

1. Start dagen med ein god frokost. Dette er jo eigentleg så klisjè å seie at eg var usikker på om eg eigentleg skulle ta det med, men samtidig er det jo veldig viktig. Då eg var lita, hata eg å ete frokost. Eg hadde ikkje matlyst om morgonen, og eg forstod ikkje at det skulle vere nødvendig å ete den maten rett etter eg hadde stått opp. Eg har aldri vore eit morgonmenneske, for å seie det mildt, så på dette tidspunktet på morgonen ønskte eg å gjere minst mogleg, og aller helst ville eg gå og legge meg under den varme dyna att. I ettertid har eg derimot skjønt kor viktig det måltidet der er, og no fungerer eg ikkje utan frokost. Eg er derimot ikkje så god på å ta meg tid til å faktisk ete den, det blir helst slik at eg et ei brødskive så fort eg kan medan eg står over kjøkkendisken og lagar niste samtidig. Så akkurat der bør eg kanskje bli flinkare, for dei beste morgonane er jo når eg faktisk har god tid til akkurat dette. Men men, søvn er viktig det òg.

2. Ta pausar og få luft. Er du kanskje student og skal tilbringe mange timar på eit bibliotek i dag? Ved ein liten skrivepult med altfor mange pensumbøker og eit hav andre studenthovud stikkande opp frå plassane rundt deg? Då er dette mitt beste tips – og også det tipset som eg sjølv er dårlegast på å følgje. I staden for å stije med nasen i boka i altfor mange timar i strekk – ta ein pause, gå ut og ta litt luft. Dei få gongene eg har vore flink nok til å gjort dette, så har det faktisk gjort underverk, og hovudet slepp å følest så tungt at du lurer på om nakken i det heile klarar å halde det oppe.

3. Høyr på fin musikk eller ein bra podcast. Kvar dag tek eg t-bana i ein halv time for å komme til skulen, og på den tida er spelelista på Spotify og podcastane som eg har lasta ned mine beste venner. Dei få gongene eg har gløymt att øyreproppane eller headsetet mitt heime, har t-baneturen verka minst dobbelt så lang som den eigentleg er. Musikken lèt meg liksom forsvinne inn i ei eiga verd, ei verd der tida går fortare og eg ikkje har nokon bekymringar eller gjeremål, der tankane berre flyr avgarde like fort som omgivnadane utanfor vindauget. Til og med gåturane til og frå t-bana i rushtida, der eg går i kø saman med altfor mange andre, blir hyggelege når eg har ein god podcast på øyret. Her kan eg også komme med nokre podcasttips, for eg har prøvd ut ein del sidan eg byrja å høyre på det for nokre år sidan. Eg er blant anna veldig glad i Tusvik & Tønne, podcasten Lindmo, Lørdagsrådet og Konspirasjonspodden. I tillegg har eg tenkt å teste ut programmet Hva er greia med?, som eg har høyrt mykje bra om. For tida har eg byrja å høyre på ein dansk podcast som heiter Forfatterhjørnet, men det er kanskje for litt spesielt interesserte. Og dersom du ikkje er interessert i korkje musikk eller podcast, så kan du jo laste ned ein lydbok-app, som til dømes Storytel, og høyre på lydbøker?

4. Ikkje sjå på det som slutten på helga, men starten på veka. Nok ein klisjè, men så er jo klisjèar ofte klisjèar for ein grunn; nettopp at det er ei kjerne av sanning i dei. For dersom du ser på mandagen som slutten på helga, som dagen som avbryt og øydeleggjer alt det fine som helga var, så blir det automatisk ein kjip dag. Prøver du derimot å tenkje at mandagen heller representerer starten på ei veke – starten på sju dagar som kan nyttast akkurat slik du vil – så blir dagen fort betre. Framfor deg ligg uante moglegheiter (sett litt på spissen, kanskje…), og den einaste som kan gripe dei er du. Sørg for at veka di blir bra!

5. Gjer noko hyggeleg. Desse fem kvardagane som skil førre helg frå neste helg forsvinn ofte i ei mengd gjeremål, stress og bekymringar. Det er alltid noko å hugse på, alltid noko ein ikkje har gjort så fort som ein burde og alltid noko å stresse med. Difor er det viktig å hugse at, og her kjem ein ny klisjè; det er kvardagar det er flest av. Kor trist er ikkje det om ein så stor del av livet som det kvardagane utgjere, skal forsvinne i ei tåke av stress? Veldig trist. Så å unne seg å gjere noko hyggeleg, også i kvardagane, er iallefall viktig for meg. Det treng ikkje vere noko stort – berre det å til dømes setje seg ned om kvelden med ein eller to episodar av favorittserien, utan å ha dårleg samvit over alt det ein ikkje fekk gjort i dag heller, gjer dagen mykje betre. Då har ein også noko å glede seg til, noko som kan hjelpe med å halde motivasjonen oppe medan ein manøvrerer seg gjennom den store labyrinten av to do – lister.

6. Reins hovudet. I dette punktet er eg litt tilbake til førre punkt, nemleg det å avslutte dagen på ein hyggeleg måte (noko som for meg ofte tyder å sjå på ein serie). Det kan vere kva som helst, men poenget er at ein ikkje skal avslutte dagen med å jobbe med eitt eller anna som ein «berre må få gjort», og heller senke pulsen og få ro i sjela. Tilbringe tid med dei rundt ein, og ikkje sitje med nasen i ei pensumbok eller noko anna jobbrelatert. Dette er noko eg har lyst til å bli mykje betre på sjølv, og eg har store planar om å setje ei grense for når på kvelden eg skal slutte å tenkje på skulerelaterte ting. Til dømes at eg etter klokka 20 ikkje har lov til å jobbe med skule eller skrive eller blogge, men berre kose meg med anten eit TV-program eller ei bok, og reinse hovudet for alt som kunne plaga og stressa meg dei siste timane av døgeret.

Eg håpar du fann noko her som du kan bruke i dag – om ikkje så kan du jo prøve det i morgon, for dei fleste av desse tipsa fungerer som sagt på alle kvardagar. God mandag!

Post created 34

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Related Posts

Begin typing your search term above and press enter to search. Press ESC to cancel.

Back To Top