Du bør markere kvinnedagen fordi…

Gratulerer med dagen til deg på den andre sida av skjermen ❤

Så var det 8. mars og kvinnedag igjen – og eg er rimeleg gira på denne dagen! Etter at eg flytta til Oslo og i fjor markerte min første kvinnedag her med både tog og diverse arrangement, har 8. mars nesten blitt som ein 17.mai nummer to. Berre med litt mindre bunad, litt færre is og mykje meir kampvilje. For i dag er dagen for å markere kvinnene sin kamp for jamstilling – ein kamp som framleis pågår og som framleis er viktig. Sjølv starta eg dagen med frokostseminar på Nationaltheateret, og seinare skal eg ned i sentrum og gå i tog. Til slutt skal eg avrunde dagen på eit arrangement om kvinner og makt, som eg trur blir veldig spennande. Men no skal eg aller først fortelje deg kvifor du òg bør markere kvinnedagen i dag.

Du bør markere kvinnedagen fordi metoo-kampanjen avdekte eit stort, strukturelt samfunnsproblem og prova at me framleis ikkje er jamstilte.

Du bør markere kvinnedagen fordi Agder FrP på sitt årsmøte i år føreslo at kvinner skal betale for eigen abort, og dermed angreip ein av våre mest grunnleggande rettar; retten til å bestemme over vår eigen kropp.

Du bør markere kvinnedagen fordi kvinner sin utsjånad får meir merksemd enn prestasjonane deira.

Du bør markere kvinnedagen fordi kvinner sine kroppar stadig blir seksualiserte i media, blant anna i reklamar.

Du bør markere kvinnedagen fordi kvinner, og særleg minoritetskvinner, som ytrar seg og deltek i den offentlege samtalen, blir hetsa og får hatefulle kommentarar slengt etter seg.


Du bør markere kvinnedagen fordi kjønnsnormene og kjønnsstereotypiane i dagens samfunn er alt for tronge. Alle skal få vere den dei er – fullstendig uavhengig om du er gutt eller jente, homofil eller heterofil, trans- eller ciskjønna.

Du bør markere kvinnedagen fordi me framleis ikkje har likelønn.

Du bør markere kvinnedagen fordi andre stadar i verda blir kvinner dagleg kraftig undertrykt av patriarkatet. Dei manglar heilt grunnleggande, elementære rettar – og det er ikkje greitt.

På grunn av desse, og mange fleire grunnar, bør du i dag markere den internasjonale kvinnedagen. Lat oss vise samhald, solidaritet og fellesskap, og støtte opp under denne viktige kampen om jamstilling og fridom for ALLE kvinner. Blir du med?

 

Post created 34

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Related Posts

Begin typing your search term above and press enter to search. Press ESC to cancel.

Back To Top