Livet,  Oslo

Laurdag, 15:06

Espresso House på Solli plass. Eit halvete smørbrød og ein nesten heilt tom kopp med chai latte. Altfor mykje folk, altfor varmt. Pianomusikk på øyrene, og eit tomt dokument framfor meg. Målet er at det ikkje lenger skal vere tomt når eg reiser meg frå denne kafèen og vender nasen heimover. Maten kjøpte eg for å få litt ekstra motivasjon på vegen mot det som forhåpentlegvis blir eit blogginnlegg (og fordi ein jo ikkje alltid kan sette seg på kafè utan å bruke litt peng i kassa først..), men etter at både fatet og koppen var tomme, var dokumentet på skjermen like kvitt som det var då eg først sette meg ned. Så heilt vellykka var det kanskje ikkje.

Dagane som har gått sidan sist eg stakk innom her har vore innholdsrike. Me har blant anna seld BMW-en vår, noko som var både veldig bra og ganske trist. Denne bilen har vore med meg gjennom eit og eit halvt år på vidaregåande, noko som involverte ein del køyreturar rundt omkring i diverse fritimar, i tillegg til eit og eit halvt år her i Oslo. Det var jo min første bil, som eg har hatt heilt sidan eg tok lappen på dagen då eg blei 18, og eg har alltid tenkt at eg skulle køyre den til den skulle vrakast. No var det for så vidt ikkje så langt i frå at det var akkurat det som skjedde, i og med at bilen er seld som eit reperasjonsprosjekt som det er mykje feil med og som ikkje vil starte. Men likevel, det er rart å tenkje på at nokon andre skal eige, og kanskje køyre, den. Det er faktisk trist, sjølv kor dumt det kanskje høyrest ut.

Førre helg var eg forresten i Bergen ein tur – heilt spontant. I og med at kjærasten skulle vekk ei helg, så tenkte eg at det var ein fin moglegheit til å reise og besøke alle eg kjenner i Bergen – som eg innsåg at er ganske mange. Eg tok tog både til og frå, og på vegen heim tok eg i tillegg nattoget, både fordi det var billigast, men også fordi at eg slik fekk absolutt mest mogleg ut av helga i Vetslandet sin storby. Det blei nokre veldig fine dagar, der eg fekk møtt mange venner som eg ikkje hadde sett på lenge, i tillegg til at eg fekk ein aldri så liten ferie, sånn heilt plutseleg.

Når eg kom heim frå Bergen natt til mandag, var det plutseleg berre tre dagar før me skulle få besøk her i Oslo. Torsdag kom nemleg eit av mine fine søskenbarn hit til oss. Det har vore veldig koseleg, og i går brukte me dagen til å berre gå rundt i Oslo, sitte på kafè og ete masse god mat. På torsdag fekk eg plutseleg så veldig lyst på kake, så mitt eine krav var å få tid til ein kakepause i vår lille sightseeing-dag. Det fekk eg – og den var ekstremt god. Hovudstaden viste seg i tillegg frå ei veldig god side og bydde på sol medan me rusla rundt i byen. Å påstå at det var vårvær ville likevel vore ei overdriving, for boblejakke var nødvendig, og eg angra heile dagen på at eg ikkje tok på hue. Men likevel var det ein slags forsmak på kva som kjem når vinteren forsvinn og sola kjem fram på ordentleg. Eg blei verkeleg minna på kor fin Oslo er i vår- og sommarvær, og eg kjende at sjølv eg, som er stor vinterentusiast, fekk sommarfuglar i magen av å tenkje på at det er sommar om ikkje så altfor lenge. Eg gler meg til å kjenne sola varme den bleike vinterhuda mi, til å gå langs Aker Brygge i tøysko og tynn jakke, til lukten av solkrem og smaken av iskrem, og til å ta på badetøy og hoppe ut i Oslofjorden. Det blir fint. Eg er glad for at eg bur i eit land med så varierande årstider, det er jo så moro!

No har eg brukt altfor lang tid på dette innlegget, så eg trur det er på tide å pakke saman og setje kurs for t-bana. Eg føler så veldig at det er søndag i dag, i og med at helga mi eigentleg byrja då eg fekk besøk på torsdag, så rett som det er må eg minne meg sjølv på at det faktisk berre er laurdag – og så blir eg ekstra glad. Det hjelper verkeleg på humøret å plutseleg få ein ekstra fridag, altså.

Håpar de har ei fin helg! 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *