Overdose av nyhende

Heisann!

Gårsdagen var ein spesiell dag. For det første så var ikkje formen heilt på topp, noko som er spesielt i seg sjølv då eg nesten aldri er sjuk (bank i bordet). Då kjærasten vekte meg klokka 06.30 og eg kjende at eg nesten ikkje fekk puste, tenkte eg at det beste nok var å halde seg heime – og det gjorde eg. I allefall mesteparten av dagen. For når eg først skulle bli sjuk ein dag, så var det jo fint at det blei ein dag då det for ein gongs skuld var mykje spennande på TV. Frå klokka 9 (eg stod altså ikkje opp 06.30, dersom nokon skulle tru det) til klokka 13 sat eg limt til TV-skjermen og nyhendesendingane frå Stortinget, og eg må seie at det var jo mykje betre underhaldning enn å setje på ein eller annan tilfeldig TV-serie. Heilt sidan måndag har eg oppdatert alle nettaviser slavisk for å følgje med på utviklinga i Listhaug-saka, og eg var så klar for å setje meg ned og følgje med på kva som skulle skje i Stortinget klokka 10. Men då eg endeleg klarte å karre meg ut av senga, oppdaga eg at saka allereie var «løyst» og det einaste å gjere var berre å setje seg under eit teppe i sofaen og følgje med på alle reaksjonar og kommentarar. Og, ikkje minst, høyre kva Listhaug sjølv hadde sagt på den pressekonferansen eg hadde sove forbi.

For dei fleste er det kanskje inga overrasking kva eg tenkjer om heile saka. Eg ser gjerne at Listhaug går, og eg meiner 100% at ho ikkje var egna til å vere justisminister. Talen ho heldt på pressekonferansen viser at ho ikkje forstår sakas alvor, og språket ho nyttar om sine motstandarar i politikken høyrer ikkje heime hjå ein statsråd. Det at ho framstiller det at ho har møtt motstand for sine meiningar og sine utsegn som eit angrep på ytringsfridomen er heilt på trynetPolitisk motstand og usemje er ikkje det same som at ytringsfridomen er trua, det er, som Anine Kjerulf så fint skreiv, «andres bruk av den samme ytringsfriheten som du har». Eg vil så gjerne ha eit varmare og meir inkluderande samfunn – noko eg ikkje meiner at Listhaug bidreg eller har bidrege til med den retorikken ho gjentekne gonger har nytta i sine utsegn. Eg vil at alle skal føle seg både velkomne og heime i Noreg – uavhengig av etnisitet, nasjonalitet, hudfarge, språk, kultur, kjønn, seksualitet eller noko som helst anna. Og eg opplever at Listhaug sin retorikk ofte har ført til det motsette.

Dette innlegget blei eigentleg skrive i går, men så kom eg ikkje så langt at eg publiserte det – noko som ofte skjer med meg og mine blogginnlegg. Etter at nyhendekanalen på TV2 byrja å sende dei same klippa om att, og intervjua med Støre eller Hareide kom for tredje gong, tenkte eg at det var på tide å rive seg laus frå TVen og kome seg litt utanfor døra. Så det gjorde eg. Ei nesten-regjeringskrise og det å få skrive frå seg her inne hjelpte nok på formen, for den var utvilsamt betre etter dette. Når det gjeld Listhaug-saka, så er du velkommen til å legge att ein kommentar i kommentarfeltet om du er usamd med meg (det må du forresten gjerne gjere om du er samd òg), så lenge me alle lærer frå denne saka, og ikkje nyttar ein unødvendig skarp, splittande og usakleg retorikk, men bidreg til ein sakleg og konstruktiv debatt.

I går fekk me forresten også besøk igjen, så no skal me snart ut i sentrum ein tur. Eg veit eg har sagt det før, men besøk er jammen koseleg, altså!

Hejdåå!

1 Comment

Add Yours
  1. 1
    Morten Simonsen

    Ytringsfrdom inneber at alle har rett til å seie kva dei meiner, men ingen har plikt til å bli høyrt. Ytringsfridom inneber at einkvar har rett til å ignorere kva andre har rett til å seie.

    Om Listhaug er kjend for klår tale, kvifor treng ho då 10 unnskuldningar for det ho ikkje meiner? Åtte i Storinget, ein for å motta blomer frå nynazistar for meininger ho på påstod ho ikkje hadde dagen før og ein for å sende blomane vidare til tilsette i departementet som vart bomba av føraren til dei ho fekk blomar frå. Klår tale? Meiner ho det sa eller meiner ho det ikkje? Det einaste ho har bidrege med er brutalisering av norsk offentleg ordskifte. Ho fjerna Facebook innlegget av omsynet til copyright. Kven hadde copyright? Terroristane på biletet? Er omsyn til copyright viktigare enn omsynet til nasjonal tryggleik?

    Alle parti unnateke Høgre var usamde med ho i saka det dreidde seg om. Kvifor vart barre Ap peika ut som landsforræadarar? Akkurat det same ABB (Anders Berhing Brevik med 10 års i Frp) gjorde. Listhaug er den åndelige dottara til Goebbels.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *