Lister,  Meiningar og tankar

Søvnlaus

Ting eg tenkjer på når klokka er 01:50 natt til måndag, og eg ikkje får sove.

♥ Eg tenkjer på at me ikkje har gardiner på soverommet. Medan eg ligg og ventar på søvnen, kikkar eg ut soveromsvindauget og rett på himmelen. Eg byrjar å tenkje på at me faktisk ikkje har gardiner – det har vel dei fleste, eller? Me har iallefall ikkje det, og eigentleg treng me det ikkje, heller. Det er ein av mange fordelar med å bu i åttende etasje. Det er i grunn ganske fint å kunne ligge i ro i senga og kikke rett ut på stjernene, heilt uforstyrra. Stundom blir det kasta eit blinkande lysglimt over taket vårt, og då veit eg at det er eit uttrykkingskøyretøy som køyrer forbi på motorvegen der nede. Av og til flyr også eit helikopter forbi, eller eg kan sjå det blinkande lyset av eit fly som går inn for landing i det fjerne. Dessutan er det også veldig fint om morgonen, når ein våknar til eit lyst rom, og særleg dei dagane det er sol ute og ein kan nyte solstrålane allereie frå ein slår opp augo.

♥ Eg tenkjer på kjærleiken. Det er merkeleg kor djup og filosofisk ein blir når klokka passerer midnatt. Eg legg hovudet på brystet til V, høyrer på hjarteslaga og den rytmiske pusten hans. Han snur seg i søvne og legg armane rundt meg, og eg lurer på om det er mogleg å få det finare enn akkurat her, akkurat no.

♥ Eg tenkjer på våren. No er den så nære at eg føler eg kan røre ved den dersom eg strekk ut ei hand. For berre nokre timar sidan var eg og V på køyretur, og eg måtte for første gong i år ha med meg solbriller. I det me gjekk ut av hovudinngangen til blokka vår, fall solstrålane på oss og me kjende dei varme heile kroppen for første gong sidan me byrja å skrive 2018. Og då me skulle gå over gårdsplassen og klatre opp på den store haugen av snø som ligg mellom oss og parkeringsplassen, kjende me at den var mjukare enn før, og me kunne høyre smeltevatnet sildre på bakken under oss.

♥ Eg tenkjer på at eg eigentleg har påskeferie og at det difor ikkje er så nøye om eg sovnar seint. Eg stressar ikkje med søvnen, slik eg litt for ofte gjer på kvardagar. Då ligg eg og tel timar til eg må stå opp, men no veit eg at eg faktisk ikkje treng å stå opp den komande morgonen i det heile, om eg absolutt ikkje vil. Det gjorde eg sjølvsagt likevel, men det blei litt seinare enn planlagt. Og det gjekk fint.

♥ Eg lurer på om eg kjem til å hugse alt dette i morgon, og grip etter mobiltelefonen på nattbordet. Eg opnar notatappen og skriv ei lita liste. Stolar ikkje på mitt eige minne.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *