Lister,  Livet,  Sidan sist...

Sidan sist…

Ja, så då var plutseleg to månadar gått. Førre gong eg etterlet meg nokre spor her inne var det mars, det var framleis vinter, og det var kaldt og mørkt. Dei siste dagane har eg derimot sett ny rekord i kor mykje solkrem eg har brukt i månaden mai, eg har sete på verandaen i steikande sol til langt på kveld og eg har teke meg sjølv i å tenkje at det kanskje kunne vore greitt med ein eller to grader mindre. I tillegg til dette har eg sjølvsagt også forbanna det faktum at eg har sete med eksamen når sommaren først skulle komme for fullt. Eg fekk riktignok nokre fine soldagar før eksamen byrja, noko som kanskje ikkje var så bra for eksamenslesinga, men veldig bra for mitt humør og min motivasjon. Så då får det vel berre vere med den lesinga.

 

Så, kva har eg gjort sidan sist, eigentleg? Eigentleg så tenkjer eg at det skjer så ofte at eg tek meg ein spontan og litt for lang bloggpause, så kanskje desse «sidan sist» – innlegga berre skal bli ein eigen spalte. Det einaste problemet med slike innlegg er berre det at eg har hukommelse som ein gullfisk (i beste fall), og hugsar jo ingenting. Men eg dristar meg til eit forsøk likevel.

Sidan sist…

… har eg angra på at eg ikkje markerte 1. mai på ein skikkeleg måte. Angrar framleis. Heldigvis er det 1. mai kvart år, så eg satsar stort på 2019.

 

… har eg og Vegard feira at me har vore forlova i heile eitt år. Ja, eg er eit menneske som feirar alt som det går an å feire. Eg tenkjer som så at det er for mykje elendigheit elles i verda til at ein kan tillate seg å hoppe over ein einaste lille moglegheit til å feire noko. Feir så mykje du kan, all den andre dritten kjem og tek deg til slutt uansett. Helsing optimisten.

… har eg, Vegard, mamma og pappa vore på tur! Me utnytta langhelga i samband med Kristi Himmelfartsdag og tok ein køyretur via Sverige og Danmark, og til Tyskland. Så køyrte me opp igjen. Det var fint. Kven seier at ein treng to veker fri og månadsvis med planlegging for å få ein nydeleg ferietur?

 

… har eg feira min andre 17. mai i hovudstaden! Eg blei altså like fascinert av arrangementet i år som i fjor, og kvart einaste år tenkjer eg på kor stolt eg er over Noreg og vår nasjonaldag. Eg får ei så god kjensle av alt saman! I tillegg kom me veldig nærme slottet og kongefamilien i år, noko som gjorde meg mykje meir gira enn eg eigentleg burde innrømme. Når det kjem til heile systemet med monarkiet så seier den rasjonelle delen av meg at dette er eit utdatert system som ikkje har nokon plass i eit moderne samfunn, men så ser eg kongen eller dronninga eller kronprinsparet og så smeltar hjartet mitt, og eg kjenner at eg likar det litt (les: veldig) likevel. Forresten så blei eg og Vegard i tillegg fotografert saman med ein heil gjeng asiatiske turistar som ville ta bilete av «you and your national costumes». Det var òg ei oppleving som definitivt er verdig ein plass på denne lista, og i tillegg til 1. mai er månadens største anger at eg ikkje ba dei om å sende meg dei bileta.

… har eg levert to av tre eksamenar, og går i skrivande stund ei veke med eksamenspause i møte. I år har eg tre heimeeksamenar, noko som passar meg perfekt då eg likar å sitte i mitt eige selskap og skrive. Det tyder derimot ikkje at det alltid kjem til å gå bra, sånn karaktermessig, men berre at eg får eit lågare stressnivå og generelt ein betre livskvalitet i eksamensperioden. Men det er jo verdt litt det også, trass alt.

(Forresten, viss været i pauseveka mi ikkje lever opp til desse gigantiske forventningane værmeldingane og dei siste soldagane legg opp til, så kjem eg til å bli dritsur. Berre ei åtvaring)

 

… har eg fått vikarjobb i ein barnehage! I skrivande stund har eg snørr i håret og hendene mine luktar sand, men eg elskar det.

Kva har du gjort?

 

(Forresten så har eg også skifta design, som de kanskje ser. Gi eit pip om det er forvirrande at eg bytar så ofte, men det er ein så fin måte å kome i gang att på etter ein slik pause. Ein ny start med eit nytt design – der har du ein motivasjonsfaktor for enkle blogglade menneske, slik som meg.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *