Forfatter: ingerhelgestad

19
nov

Søndagskjensla

Ei kjensle av at hovudet er heilt tomt og samtidig heilt fullt. Ei kjensle av stress som ligg og murrar under overflata, men som ein ikkje heilt orkar å kjenne på fordi det er jo søndag. Det er helg, men samtidig ikkje, for ein er nøydd til å byrje å tenkje på neste veke og […]

12
nov

Den første snøen

Fredagskveld. Eg hadde overtydd Vegard til å bli med meg ut, fordi eg ville på butikken for å kjøpe sjokolade. På vegen ut døra ropte han plutseleg: «Det snør!» og eg, som gjekk med nasen ned i mobilen, såg opp med det same. Og rett nok, i lyset frå utelampene på blokka dansa små, kvite […]

6
nov

Ei lita gladhistorie

Det var ikkje før eg stod i kø i kantina på Blindern, at eg oppdaga at alle korta mine var vekke. Eg hadde som vanleg berre teke med meg mobilen då eg i pausen på forelesinga gjekk for å kjøpe meg litt mat, fordi alle korta mine ligg i lommebok-dekselet mitt. Denne dagen var det […]

18
okt

Oslo, 19:38

Det var då eg låg under dyna med hovudverk at eg kom på at eg faktisk har ein blogg. Ein blogg eg ikkje har oppdatert på over to veke. Ups. Så då tenkte eg at når eg først skal ligge her med ilt i hovudet, så kan eg vel like gjerne nytte høve til å […]

1
okt

Ingen nazistar i våre gater

Det er laurdag, og klokka er 14.00. Eg skrur på TV for å setje på eit eller anna useriøst program som kan passe bra som laurdagsunderhaldning, men der møter det meg noko litt meir alvorleg enn det eg hadde i tankane. Noko ein ikkje har lyst til å forholde seg til på ein laurdag. Eller […]

25
sep

Om 10 år..

… Er eg 30 år gammal. … Har eg og Vegard etablert oss med eige hus og eigen familie. Me har flytta frå Oslo, noko som var både trist og fint på same tid. Det var nok godt å komme seg ut av byen etter nokre år her, men samtidig trist å forlate denne fine […]

20
sep

Blindern, 10:42

Morgonens alarm ringde ugudeleg tidleg, men trass i lite søvn denne veka, klarte eg faktisk å karre meg ut av senga berre ein halvtime etter planlagt. Det er bra til meg å vere, altså. Dusja fekk eg også gjort, sjølv om eg tykkjer det å dusje om morgonen er noko ordentleg herk. Heldigvis trengte eg […]

14
sep

Valnatta og ei hyllest til demokratiet

Valvake på Nationaltheateret. Masse folk, program, politikk og debatt. Valsendingar, spenning, glede og skuffelse. Hjartesukk, gledesrop. Alt i same rom. Magisk. Eg er på badet på Nationaltheateret, og høyrer folk utanfor telje ned til første prognose. Sukkar over meg sjølv – at det er mogleg å vere så lite taktisk at eg faktisk står her […]

11
sep

Mine ønske for valet 2017

Eg ynskjer eit varmare Noreg. Eit Noreg med mindre fokus på hat og splitting, og meir på varme og samhald. Eit Noreg der menneske som flykter frå krig og forfølging skal kjenne seg trygge og velkomne, og kjenne at her kan dei byggje ein heim. Eg vil ha ei integrering som fungerer, og som byggjer […]