• Alt og ingenting,  Lister

    6 måtar å gjere måndagen litt betre på

    Så var det måndag igjen, og ein ny runde med kvardagar står for tur. Fem dagar med jobb eller skule, før me på ny kan setje oss i sofaen på fredagskveld og innta fullstendig kvilepuls. Og sjølv om dette går fortare enn du trur, og du snart står på kjøkkenet og lagar fredagstaco (eller, som oss, fredagspizza), så kan det likevel hende at du treng litt motivasjon på vegen. Litt ekstra glede, inspirasjon til å setje i gong og gjere desse neste fem dagane til dei mest produktive nokon sinne. Det veit eg at eg gjer, iallefall. Så difor har eg samla fem ting som kan gjere mandagen min (og…

  • Alt og ingenting,  Livet

    Ein fin fredag

    Fredag, 23. februar Klokka er 23.22. Eg sit ved spisebordet med datamaskina foran meg og eit glas drikke ved sida av meg. Til høgre og åtte etasjar ned ligg Oslo i mørket og kulda, og til venstre står TVen framleis på NRK Nett-TV. Eg avslutta TV-fredagen med førre vekes episode av Skavlan for ei lita stund sidan, berre fordi eg måtte sjå Matt LeBlanc. Det er altså han som spelte Joey i Friends – mitt favorittshow på TV of all time. Eg veit ikkje kor mange gonger eg har sett alle sesongane, men det er mange. Og det beste er at eg framleis kosar meg like mykje med alle episodane den dag…

  • Alt og ingenting,  Livet,  Sidan sist...

    Sidan sist…

    … har me feira 48-årsdag! Med andre ord; eg har blitt 21 og Vegard har blitt 27. Ikkje spør meg kva som skjedde med mitt første år i 20-åra, for det kan eg ikkje svare på. Det berre forsvant, og plutseleg er eg eit år eldre. Me hadde iallefall ein veldig fin bursdag med fine folk og god stemning. I tillegg hadde me både ballongar og kake med lys, for sjølv om det var 48-årsdag så var det jo likevel bursdag. Og då er ballongar og kake trass alt obligatorisk. … i og med at eg og Vegard har bursdag same dag, pleier me å reise på tur i staden…

  • Alt og ingenting,  Livet

    Den første snøen

    Fredagskveld. Eg hadde overtydd Vegard til å bli med meg ut, fordi eg ville på butikken for å kjøpe sjokolade. På vegen ut døra ropte han plutseleg: «Det snør!» og eg, som gjekk med nasen ned i mobilen, såg opp med det same. Og rett nok, i lyset frå utelampene på blokka dansa små, kvite snøfnugg med vinden – eit nydeleg syn for ein vinterentusiast som meg. Eg stakk mobilen i lomma med det same, sprang ut i mørket og fann tilbake til min indre unge som ville springe og fange snøfnugg og hoppe i slapset på bakken. Når me kom tilbake i leilegheita, med raude roser i kinna og…

  • Alt og ingenting,  Livet

    Ei lita gladhistorie

    Det var ikkje før eg stod i kø i kantina på Blindern, at eg oppdaga at alle korta mine var vekke. Eg hadde som vanleg berre teke med meg mobilen då eg i pausen på forelesinga gjekk for å kjøpe meg litt mat, fordi alle korta mine ligg i lommebok-dekselet mitt. Denne dagen var det derimot tomt – ingen av dei to bankkorta mine låg der, og heller ikkje førarkortet eller studentkortet. Bibliotekskortet og kortet til treningssenteret var derimot på plass – ein ganske så smal trøyst akkurat i augneblinken. Eg gjekk ut av køen, sette yoghurten min tilbake i hylla og sette kursen tilbake mot forelesingssalen. Korta hadde sikkert…

  • Alt og ingenting

    Oslo, 19:38

    Det var då eg låg under dyna med hovudverk at eg kom på at eg faktisk har ein blogg. Ein blogg eg ikkje har oppdatert på over to veke. Ups. Så då tenkte eg at når eg først skal ligge her med ilt i hovudet, så kan eg vel like gjerne nytte høve til å blogge. Det er sikkert lurt. Det er i grunn heilt rart at det er to veker eg skreiv her inne sist. Tida berre susar av garde, og eg føler eg må skunde meg for å halde følgje så den ikkje reiser frå meg. Det er heilt håplaust å i det heile teke få gjort halvparten…