• Lister,  Livet,  Sidan sist...

    Sidan sist…

    Ja, så då var plutseleg to månadar gått. Førre gong eg etterlet meg nokre spor her inne var det mars, det var framleis vinter, og det var kaldt og mørkt. Dei siste dagane har eg derimot sett ny rekord i kor mykje solkrem eg har brukt i månaden mai, eg har sete på verandaen i steikande sol til langt på kveld og eg har teke meg sjølv i å tenkje at det kanskje kunne vore greitt med ein eller to grader mindre. I tillegg til dette har eg sjølvsagt også forbanna det faktum at eg har sete med eksamen når sommaren først skulle komme for fullt. Eg fekk riktignok nokre…

  • Lister,  Meiningar og tankar

    Søvnlaus

    Ting eg tenkjer på når klokka er 01:50 natt til måndag, og eg ikkje får sove. ♥ Eg tenkjer på at me ikkje har gardiner på soverommet. Medan eg ligg og ventar på søvnen, kikkar eg ut soveromsvindauget og rett på himmelen. Eg byrjar å tenkje på at me faktisk ikkje har gardiner – det har vel dei fleste, eller? Me har iallefall ikkje det, og eigentleg treng me det ikkje, heller. Det er ein av mange fordelar med å bu i åttende etasje. Det er i grunn ganske fint å kunne ligge i ro i senga og kikke rett ut på stjernene, heilt uforstyrra. Stundom blir det kasta eit…

  • Lister,  Meiningar og tankar

    Du bør markere kvinnedagen fordi…

    Gratulerer med dagen til deg på den andre sida av skjermen ❤ Så var det 8. mars og kvinnedag igjen – og eg er rimeleg gira på denne dagen! Etter at eg flytta til Oslo og i fjor markerte min første kvinnedag her med både tog og diverse arrangement, har 8. mars nesten blitt som ein 17.mai nummer to. Berre med litt mindre bunad, litt færre is og mykje meir kampvilje. For i dag er dagen for å markere kvinnene sin kamp for jamstilling – ein kamp som framleis pågår og som framleis er viktig. Sjølv starta eg dagen med frokostseminar på Nationaltheateret, og seinare skal eg ned i sentrum…

  • Alt og ingenting,  Lister

    6 måtar å gjere måndagen litt betre på

    Så var det måndag igjen, og ein ny runde med kvardagar står for tur. Fem dagar med jobb eller skule, før me på ny kan setje oss i sofaen på fredagskveld og innta fullstendig kvilepuls. Og sjølv om dette går fortare enn du trur, og du snart står på kjøkkenet og lagar fredagstaco (eller, som oss, fredagspizza), så kan det likevel hende at du treng litt motivasjon på vegen. Litt ekstra glede, inspirasjon til å setje i gong og gjere desse neste fem dagane til dei mest produktive nokon sinne. Det veit eg at eg gjer, iallefall. Så difor har eg samla fem ting som kan gjere mandagen min (og…