• Alt og ingenting,  Livet

    Den første snøen

    Fredagskveld. Eg hadde overtydd Vegard til å bli med meg ut, fordi eg ville på butikken for å kjøpe sjokolade. På vegen ut døra ropte han plutseleg: «Det snør!» og eg, som gjekk med nasen ned i mobilen, såg opp med det same. Og rett nok, i lyset frå utelampene på blokka dansa små, kvite snøfnugg med vinden – eit nydeleg syn for ein vinterentusiast som meg. Eg stakk mobilen i lomma med det same, sprang ut i mørket og fann tilbake til min indre unge som ville springe og fange snøfnugg og hoppe i slapset på bakken. Når me kom tilbake i leilegheita, med raude roser i kinna og…

  • Alt og ingenting,  Livet

    Ei lita gladhistorie

    Det var ikkje før eg stod i kø i kantina på Blindern, at eg oppdaga at alle korta mine var vekke. Eg hadde som vanleg berre teke med meg mobilen då eg i pausen på forelesinga gjekk for å kjøpe meg litt mat, fordi alle korta mine ligg i lommebok-dekselet mitt. Denne dagen var det derimot tomt – ingen av dei to bankkorta mine låg der, og heller ikkje førarkortet eller studentkortet. Bibliotekskortet og kortet til treningssenteret var derimot på plass – ein ganske så smal trøyst akkurat i augneblinken. Eg gjekk ut av køen, sette yoghurten min tilbake i hylla og sette kursen tilbake mot forelesingssalen. Korta hadde sikkert…

  • Livet,  Oslo

    Blindern, 10:42

    Morgonens alarm ringde ugudeleg tidleg, men trass i lite søvn denne veka, klarte eg faktisk å karre meg ut av senga berre ein halvtime etter planlagt. Det er bra til meg å vere, altså. Dusja fekk eg også gjort, sjølv om eg tykkjer det å dusje om morgonen er noko ordentleg herk. Heldigvis trengte eg ikkje å ete frukost, fordi IMK (institutt for media og kommunikasjon) arrangerte frukostseminar, noko som då inkluderte gratis frukost – den absolutte himmel for studentar med dårleg tid om morgonen, og kanskje litt for lite i lommeboka. Takk, IMK. Seminaret hadde fokus på valet som var, men i eit medievitskapleg perspektiv, noko som var veldig…

  • Livet,  Meiningar og tankar,  Oslo

    Valnatta og ei hyllest til demokratiet

    Valvake på Nationaltheateret. Masse folk, program, politikk og debatt. Valsendingar, spenning, glede og skuffelse. Hjartesukk, gledesrop. Alt i same rom. Magisk. Eg er på badet på Nationaltheateret, og høyrer folk utanfor telje ned til første prognose. Sukkar over meg sjølv – at det er mogleg å vere så lite taktisk at eg faktisk står her når det skjer store ting der ute. «3, 2, 1». Kjenningsmelodi. Programleiaren for valsendingane si stemme fyller heile bygget. Bygget som for berre nokre minutt sidan var fult av lydar. Menneske som skravla, utveksla meiningar, diskuterte. No er alle stille. «Erna fortsetter som statsminister , i følge den første prognosen», høyrer eg. Lyden når meg…

  • Livet,  Oslo

    Min 17. mai

    Dette innlegget blei først publisert på www.nouw.com/ingerhelgestad 17.mai 2017 Årets nasjonaldag var så fin. For første gong har eg feira dagen i hovudstaden, og det var ei veldig morosam og anleis oppleving. Dagen starta med champagnefrokost hos Maria, og ein betre start på dagen kunne me ærleg talt ikkje fått. Eg har aldri vore på champagnefrokost før, men det skal eg i alle fall gjere igjen, for det var god stemning frå første sekund. Etter ein fin frokost med fine folk, reiste me ned til sentrum for å gjere det obligatoriske når ein feirar i Oslo, nemleg å vinke til kongen. Det å stå på Slottsplassen med så utruleg mange…

  • Kjærleik,  Livet

    Kjærleik

    Publisert på www.nouw.com/ingerhelgestad 7. mai 2017 Framheva bilete: Paul García Fotografía Vekas bloggutfordring er temaet kjærleik. Då eg først såg temaet, klarte eg ikkje heilt å finne ut korleis eg skulle legge det opp. Kva skulle eg skrive om? Korleis skulle eg skrive det? Eg er av prinsipp ikkje særleg fan av laaange kjærleikserklæringar mellom kjærestar på Internett – det blir for kleint for meg. Både eg og kjærasten er heller tilhengjarar av å seie det me vil seie til kvarandre, andlet til andlet, og ikkje nødvendigvis gjennom Facebook. Uansett – dette problemet angåande kva eg skulle skrive om løyste seg sjølv. Kjærasten tok nemleg ansvar for det, då han fredags…

  • Kjærleik,  Livet

    20!

    Dette innlegget blei først publisert på www.nouw.com/ingerhelgestad 7. februar 2017 Framheva bilete: Andreas Weiland Avslapping. Kos. Søvn. Mat. Vin. Badeland. Spa. Boblebad. Danmark. Biljard. Danskebåten. Ballongar. Gratulasjonar. Då klokka slo tolv natt til søndag, dagen då me begge hadde bursdag, sat eg og Vegard på ein stille og roleg pub i Frederikshavn, der me omlag var dei einaste gjestene. Jøss, tenkjer kanskje du, det var då stusseleg. Men då kan eg fortelje at den første puben me besøkte, måtte me reise frå nettopp fordi det var for mykje folk, for mykje liv og for høg musikk. Ungdommen på tur, sa du? Er dette eit teikn på at ein blir vaksen? På…

  • Livet,  Oslo

    Kjære Oslo

    Dette innlegget blei først publisert på www.nouw.com/ingerhelgestad 13. august 2016 Kjære Oslo. Du har lenge vore min lille framtidsdraum. Eit lite håp om å få by i storbyen ei lita stund, ein liten tanke om å få vere ei byjente. Ein førestilling om å gå langs dine gater, om å kjenne dine krikar og krokar og om å bli kjend med dine menneske. Om å sitte på verandaen om kvelden, sjå på blokkene som strekker seg mot himmelen og høyre lyden av byen. Om å få sjå alle lysa som dukkar opp om kvelden, lysa som faktisk strekker seg så langt augo kan sjå. Eg blir aldri lei av det.…