• Månadoppsummering

    Om februar

    Februar kom og gjekk – som ein liten bris som du så vidt legg merke til at stryk over andletet ditt, før den forsvinn like fort som den kom. At det har gått 29 dagar sidan kalendaren bytta frå januar til februar er eit mysterium i seg sjølv, og at me allereie er to månadar ut i 2018 er ubegripeleg. Altså, eg slit framleis med å hugse at det faktisk er 2018, liksom. Seinast i dag måtte eg tenkje meg om både to og tre gonger før eg innsåg at 2015 var tre år sidan, og ikkje to. Uansett – det har iallefall skjedd mykje denne månaden, så eg tenkte eg skulle…