• Livet,  Oslo

    Laurdag, 15:06

    Espresso House på Solli plass. Eit halvete smørbrød og ein nesten heilt tom kopp med chai latte. Altfor mykje folk, altfor varmt. Pianomusikk på øyrene, og eit tomt dokument framfor meg. Målet er at det ikkje lenger skal vere tomt når eg reiser meg frå denne kafèen og vender nasen heimover. Maten kjøpte eg for å få litt ekstra motivasjon på vegen mot det som forhåpentlegvis blir eit blogginnlegg (og fordi ein jo ikkje alltid kan sette seg på kafè utan å bruke litt peng i kassa først..), men etter at både fatet og koppen var tomme, var dokumentet på skjermen like kvitt som det var då eg først sette…

  • Livet,  Oslo

    Tysdag, 11:27

    Heisann! I dag har eg ein roleg dag, og det er så herleg. Dette semesteret er eg så heldig at eg har undervisningsfri to dagar i veka, tysdagar og fredagar, så i dag bestemte eg meg for å dra 100% nytte av det. Eg sov lenge og stod ikkje opp før 10, og for augeblikket sit eg i sofaen med teppe, ein kopp te og ein peisvideo frå YouTube. Det er forresten eit godt tips dersom de ikkje har, men har lyst på, peis – sett på ein video av eit bål eller ein peis på TV. Det høyrest ut som fullstendig galskap, men det har blitt ein suksess her…

  • Livet,  Meiningar og tankar,  Oslo

    Women’s March, Oslo 2018

    l dag, 21. januar klokka 14.00, var det duka for årets Women’s March i Oslo. Det heile blei sparka i gong med appellar og song på Youngstorget, før alle frammøtte saman gjekk opp til Stortinget. Både kvinner og menn møtte opp, nokre med store banner og plakatar, andre utan, men dei var alle til stades av same grunn; for å syne si støtte til #metoo-kampanjen, sin solidaritet til dei som har stått fram med sine historier, og sin motstand mot seksuell trakassering og overgrep. Og blant alle desse stod vesle meg, aleine, med rosa skjerf og raud lepestift og blikket retta mot konferansier og appellantar der oppe over menneskemengda. Eg…

  • Livet,  Oslo

    Tredje tysdag i januar

    08.30. Eg vaknar opp til ein kvit vegg utanfor soveromsvindauget, og det krev ikkje særleg mange klikk på Internett før eg finn ut at det snør. Utanfor vindauget ligg snødekte Oslo, og eg tenkjer litt over kor vakkert det er, særleg når ein ser det frå 8. etasje. Eg tek meg god tid denne morgonen, og nyt det at eg framleis ikkje har forelesingar å rekke. Spelar musikk på høgtalaren og scrollar meg gjennom sosiale media medan eg et frokost. Då eg ei stund seinare banar meg veg gjennom snøen på veg mot t-bana, kjennest kroppen litt ekstra lett, og eg kosar meg med snø i håret og raude kinn.…

  • Livet,  Oslo

    Blindern, 10:42

    Morgonens alarm ringde ugudeleg tidleg, men trass i lite søvn denne veka, klarte eg faktisk å karre meg ut av senga berre ein halvtime etter planlagt. Det er bra til meg å vere, altså. Dusja fekk eg også gjort, sjølv om eg tykkjer det å dusje om morgonen er noko ordentleg herk. Heldigvis trengte eg ikkje å ete frukost, fordi IMK (institutt for media og kommunikasjon) arrangerte frukostseminar, noko som då inkluderte gratis frukost – den absolutte himmel for studentar med dårleg tid om morgonen, og kanskje litt for lite i lommeboka. Takk, IMK. Seminaret hadde fokus på valet som var, men i eit medievitskapleg perspektiv, noko som var veldig…

  • Livet,  Meiningar og tankar,  Oslo

    Valnatta og ei hyllest til demokratiet

    Valvake på Nationaltheateret. Masse folk, program, politikk og debatt. Valsendingar, spenning, glede og skuffelse. Hjartesukk, gledesrop. Alt i same rom. Magisk. Eg er på badet på Nationaltheateret, og høyrer folk utanfor telje ned til første prognose. Sukkar over meg sjølv – at det er mogleg å vere så lite taktisk at eg faktisk står her når det skjer store ting der ute. «3, 2, 1». Kjenningsmelodi. Programleiaren for valsendingane si stemme fyller heile bygget. Bygget som for berre nokre minutt sidan var fult av lydar. Menneske som skravla, utveksla meiningar, diskuterte. No er alle stille. «Erna fortsetter som statsminister , i følge den første prognosen», høyrer eg. Lyden når meg…

  • Livet,  Oslo

    Min 17. mai

    Dette innlegget blei først publisert på www.nouw.com/ingerhelgestad 17.mai 2017 Årets nasjonaldag var så fin. For første gong har eg feira dagen i hovudstaden, og det var ei veldig morosam og anleis oppleving. Dagen starta med champagnefrokost hos Maria, og ein betre start på dagen kunne me ærleg talt ikkje fått. Eg har aldri vore på champagnefrokost før, men det skal eg i alle fall gjere igjen, for det var god stemning frå første sekund. Etter ein fin frokost med fine folk, reiste me ned til sentrum for å gjere det obligatoriske når ein feirar i Oslo, nemleg å vinke til kongen. Det å stå på Slottsplassen med så utruleg mange…

  • Livet,  Oslo

    Kjære Oslo

    Dette innlegget blei først publisert på www.nouw.com/ingerhelgestad 13. august 2016 Kjære Oslo. Du har lenge vore min lille framtidsdraum. Eit lite håp om å få by i storbyen ei lita stund, ein liten tanke om å få vere ei byjente. Ein førestilling om å gå langs dine gater, om å kjenne dine krikar og krokar og om å bli kjend med dine menneske. Om å sitte på verandaen om kvelden, sjå på blokkene som strekker seg mot himmelen og høyre lyden av byen. Om å få sjå alle lysa som dukkar opp om kvelden, lysa som faktisk strekker seg så langt augo kan sjå. Eg blir aldri lei av det.…