• Lister,  Livet,  Sidan sist...

    Sidan sist…

    Ja, så då var plutseleg to månadar gått. Førre gong eg etterlet meg nokre spor her inne var det mars, det var framleis vinter, og det var kaldt og mørkt. Dei siste dagane har eg derimot sett ny rekord i kor mykje solkrem eg har brukt i månaden mai, eg har sete på verandaen i steikande sol til langt på kveld og eg har teke meg sjølv i å tenkje at det kanskje kunne vore greitt med ein eller to grader mindre. I tillegg til dette har eg sjølvsagt også forbanna det faktum at eg har sete med eksamen når sommaren først skulle komme for fullt. Eg fekk riktignok nokre…

  • Alt og ingenting,  Livet,  Sidan sist...

    Sidan sist…

    … har me feira 48-årsdag! Med andre ord; eg har blitt 21 og Vegard har blitt 27. Ikkje spør meg kva som skjedde med mitt første år i 20-åra, for det kan eg ikkje svare på. Det berre forsvant, og plutseleg er eg eit år eldre. Me hadde iallefall ein veldig fin bursdag med fine folk og god stemning. I tillegg hadde me både ballongar og kake med lys, for sjølv om det var 48-årsdag så var det jo likevel bursdag. Og då er ballongar og kake trass alt obligatorisk. … i og med at eg og Vegard har bursdag same dag, pleier me å reise på tur i staden…