Kven er eg?

Hei! Så hyggeleg at du stakk innom. Eg heiter Inger Helgestad, og dette er min lille nettstad. Her skriv eg om alt som fell meg inn, både tankar, meiningar og det som elles måtte dukke opp i kvardagen. Eg er 20 år gammal, studerer medievitskap ved universitetet i Oslo, og har ein lidenskap for skriving. Det å leike seg med ord, forme setningar og setje ord på kjensler, det er det eg lever for. Blant anna.

Opprinneleg er eg frå ei lita bygd i Sogn, men flytta til Oslo saman med kjærasten min, då eg skulle studere. Her bur me saman i ei leilegheit, og prøver å konvertere frå bygdemenneske til bymenneske, ein overgang som nok aldri blir fullkommen. Ein gong bygdemenneske, alltid bygdemenneske.

Eg har tidlegare blogga i eit år på www.nouw.com/ingerhelgestad, men bestemte meg etter kvart for å starte på mitt eige domene. Dette er noko eg har svært lite, nærare null, peiling på, men eg satsar på den velkjende metoden; «learning by doing». Det blir nok forhåpentlegvis bra til slutt.

Håpar du trivast her inne!