• Livet,  Meiningar og tankar,  Oslo

    Women’s March, Oslo 2018

    l dag, 21. januar klokka 14.00, var det duka for årets Women’s March i Oslo. Det heile blei sparka i gong med appellar og song på Youngstorget, før alle frammøtte saman gjekk opp til Stortinget. Både kvinner og menn møtte opp, nokre med store banner og plakatar, andre utan, men dei var alle til stades av same grunn; for å syne si støtte til #metoo-kampanjen, sin solidaritet til dei som har stått fram med sine historier, og sin motstand mot seksuell trakassering og overgrep. Og blant alle desse stod vesle meg, aleine, med rosa skjerf og raud lepestift og blikket retta mot konferansier og appellantar der oppe over menneskemengda. Eg…

  • Livet,  Oslo

    Tredje tysdag i januar

    08.30. Eg vaknar opp til ein kvit vegg utanfor soveromsvindauget, og det krev ikkje særleg mange klikk på Internett før eg finn ut at det snør. Utanfor vindauget ligg snødekte Oslo, og eg tenkjer litt over kor vakkert det er, særleg når ein ser det frå 8. etasje. Eg tek meg god tid denne morgonen, og nyt det at eg framleis ikkje har forelesingar å rekke. Spelar musikk på høgtalaren og scrollar meg gjennom sosiale media medan eg et frokost. Då eg ei stund seinare banar meg veg gjennom snøen på veg mot t-bana, kjennest kroppen litt ekstra lett, og eg kosar meg med snø i håret og raude kinn.…

  • Meiningar og tankar

    Nei, det er ikkje ein bagatell

    Eg sat godt plassert i sofaen, langt inne i Facebook-feeden min, då det dukka opp ei sak frå Dagbladet som eg kjende at vekka meg frå min vanlege sosiale medier- døs. Eit bilete av Carl I. Hagen og overskrifta «Hagen tar Giske i forsvar: – Det som før var normalt er nå urimelig», var det eg hadde fått auge på, og då eg hadde lest det som eg opplever som bagatellisering av og mangel på forståing av seksuell trakassering, kjende eg det klø i fingrane etter å skrive eit motsvar. La meg presisere – det er ikkje nødvendigvis sjølve Giske-saka eg ønskjer å kommentere, sjølv om den naturlegvis blir veldig…

  • Jul 2017,  Livet,  Meiningar og tankar

    Hei, 2018!

    Hei, og godt nyttår til deg på andre sida av skjermen! Då var det på tide å børste støv av denne nettstaden att. Sidan sist har eg berre hatt juleferie, og med det valde eg også å la alt som heiter blogg og datamaskin ligge trygt nedpakka i sekken og ikkje ofre det ein tanke. La heile Internett få ein aldri så liten pause frå meg, medan eg kosa meg heime på sofaen hjå mamma og pappa med bøker, julemat og sjokolade til alle tider. Eg har faktisk ikkje rørt dataen sidan eg la den i sekken etter haustens siste eksamen var over, og det har vore utruleg godt. No har…

  • Jul 2017,  Livet

    Hei, Desember!

    Hei bloggen! No var det jammen lenge sidan sist eg kikka innom. Eg har ikkje skrive noko i heile desember, faktisk. Eg har ein unnskyldning da, for heilt fram til mandag har eg sutte med nasen i pensumbøkene, og hatt Platon og Aristoteles og Hamsun og Ibsen til langt oppover øyrene. Eksamen har fått absolutt førsteprioritet, og på mandag kunne eg endeleg forlate eksamenslokalet for siste gong dette semesteret. Det var fantastisk, det. Så no kan eg endeleg byrje å leve litt (og skrive litt) igjen, hehe. Så kva har skjedd sidan sist, sånn utenom eksamen? Ikkje særleg mykje, men eg tenkte å køyre ei lita oppdatering på alt det…

  • Livet

    Søndagskjensla

    Ei kjensle av at hovudet er heilt tomt og samtidig heilt fullt. Ei kjensle av stress som ligg og murrar under overflata, men som ein ikkje heilt orkar å kjenne på fordi det er jo søndag. Det er helg, men samtidig ikkje, for ein er nøydd til å byrje å tenkje på neste veke og alt som burde vore gjort. Og så må ein kanskje gjere noko av det som burde vore gjort, også, slik at det blir gjort. Samtidig er det ei sterk kjensle av ro. Dersom det er ein dag i veka der nordmenn faktisk er rolege, så må det vere søndagar. Då skal du jo tradisjonelt sett eigentleg…

  • Alt og ingenting,  Livet

    Den første snøen

    Fredagskveld. Eg hadde overtydd Vegard til å bli med meg ut, fordi eg ville på butikken for å kjøpe sjokolade. På vegen ut døra ropte han plutseleg: «Det snør!» og eg, som gjekk med nasen ned i mobilen, såg opp med det same. Og rett nok, i lyset frå utelampene på blokka dansa små, kvite snøfnugg med vinden – eit nydeleg syn for ein vinterentusiast som meg. Eg stakk mobilen i lomma med det same, sprang ut i mørket og fann tilbake til min indre unge som ville springe og fange snøfnugg og hoppe i slapset på bakken. Når me kom tilbake i leilegheita, med raude roser i kinna og…

  • Alt og ingenting,  Livet

    Ei lita gladhistorie

    Det var ikkje før eg stod i kø i kantina på Blindern, at eg oppdaga at alle korta mine var vekke. Eg hadde som vanleg berre teke med meg mobilen då eg i pausen på forelesinga gjekk for å kjøpe meg litt mat, fordi alle korta mine ligg i lommebok-dekselet mitt. Denne dagen var det derimot tomt – ingen av dei to bankkorta mine låg der, og heller ikkje førarkortet eller studentkortet. Bibliotekskortet og kortet til treningssenteret var derimot på plass – ein ganske så smal trøyst akkurat i augneblinken. Eg gjekk ut av køen, sette yoghurten min tilbake i hylla og sette kursen tilbake mot forelesingssalen. Korta hadde sikkert…

  • Alt og ingenting

    Oslo, 19:38

    Det var då eg låg under dyna med hovudverk at eg kom på at eg faktisk har ein blogg. Ein blogg eg ikkje har oppdatert på over to veke. Ups. Så då tenkte eg at når eg først skal ligge her med ilt i hovudet, så kan eg vel like gjerne nytte høve til å blogge. Det er sikkert lurt. Det er i grunn heilt rart at det er to veker eg skreiv her inne sist. Tida berre susar av garde, og eg føler eg må skunde meg for å halde følgje så den ikkje reiser frå meg. Det er heilt håplaust å i det heile teke få gjort halvparten…

  • Meiningar og tankar

    Ingen nazistar i våre gater

    Det er laurdag, og klokka er 14.00. Eg skrur på TV for å setje på eit eller anna useriøst program som kan passe bra som laurdagsunderhaldning, men der møter det meg noko litt meir alvorleg enn det eg hadde i tankane. Noko ein ikkje har lyst til å forholde seg til på ein laurdag. Eller nokon som helst annan dag. For idet eg skrur på TV2 nyhendekanalen, blir eg møtt av ei direktesending frå ein nynazistdemonstrasjon i Göteborg. Eg blir så oppgitt av at det fins nynazistar. Eg får lyst til å seie: «Kan me ikkje alle berre vere venner?», sjølv om det er tidenes mest naive uttale. For det…