• Bloggutfordring

    Om 10 år..

    … Er eg 30 år gammal. … Har eg og Vegard etablert oss med eige hus og eigen familie. Me har flytta frå Oslo, noko som var både trist og fint på same tid. Det var nok godt å komme seg ut av byen etter nokre år her, men samtidig trist å forlate denne fine plassen, som eg er så glad i. For ikkje å snakke om vår fine leilegheit. … Er eg heilt ferdig med utdanninga mi, og har byrja i fast jobb. Eg har fast inntekt, og treng ikkje lenger leve på studentlånet. Hehe. … Har eg draumejobben – ein jobb som sjølvsagt involverer skriving. Det er alt…

  • Livet,  Oslo

    Blindern, 10:42

    Morgonens alarm ringde ugudeleg tidleg, men trass i lite søvn denne veka, klarte eg faktisk å karre meg ut av senga berre ein halvtime etter planlagt. Det er bra til meg å vere, altså. Dusja fekk eg også gjort, sjølv om eg tykkjer det å dusje om morgonen er noko ordentleg herk. Heldigvis trengte eg ikkje å ete frukost, fordi IMK (institutt for media og kommunikasjon) arrangerte frukostseminar, noko som då inkluderte gratis frukost – den absolutte himmel for studentar med dårleg tid om morgonen, og kanskje litt for lite i lommeboka. Takk, IMK. Seminaret hadde fokus på valet som var, men i eit medievitskapleg perspektiv, noko som var veldig…

  • Livet,  Meiningar og tankar,  Oslo

    Valnatta og ei hyllest til demokratiet

    Valvake på Nationaltheateret. Masse folk, program, politikk og debatt. Valsendingar, spenning, glede og skuffelse. Hjartesukk, gledesrop. Alt i same rom. Magisk. Eg er på badet på Nationaltheateret, og høyrer folk utanfor telje ned til første prognose. Sukkar over meg sjølv – at det er mogleg å vere så lite taktisk at eg faktisk står her når det skjer store ting der ute. «3, 2, 1». Kjenningsmelodi. Programleiaren for valsendingane si stemme fyller heile bygget. Bygget som for berre nokre minutt sidan var fult av lydar. Menneske som skravla, utveksla meiningar, diskuterte. No er alle stille. «Erna fortsetter som statsminister , i følge den første prognosen», høyrer eg. Lyden når meg…

  • Meiningar og tankar

    Mine ønske for valet 2017

    Eg ynskjer eit varmare Noreg. Eit Noreg med mindre fokus på hat og splitting, og meir på varme og samhald. Eit Noreg der menneske som flykter frå krig og forfølging skal kjenne seg trygge og velkomne, og kjenne at her kan dei byggje ein heim. Eg vil ha ei integrering som fungerer, og som byggjer på tillit og forståing, heller enn hat og framandfrykt. Eg vil fjerne tankane om eit  skilje mellom «dei» og «oss», og heller byggje samfunnet på forståinga av at me alle er menneske som vil hjelpe kvarandre, som vil støtte kvarandre i naud, og som ikkje let oss hindre av at ein kjem frå ulike land…

  • Bloggutfordring,  Meiningar og tankar

    Du skal ikkje tru du duger til noko

    Klar for å ta fatt på vekas bloggutfordring, opna eg dataen og oppretta eit nytt, blankt innlegg på bloggen. Eg kjente hovudet fylle seg med inspirasjon, med motivasjon, med skriveglede, og eg gleda meg til å fylle denne blanke sida med nye ord. Glad for at inspirasjonen var på plass, klikka eg meg inn for å sjekke vekas tema. «Dette er eg stolt av/nøgd med». Alle orda mine forsvann, fordufta utan vidare, og eg visste plutseleg ikkje korleis eg skulle angripe dette. Skulle eg verkeleg skrive ei liste over ting eg er stolt av? Skulle eg bruke eit heilt blogginnlegg på å skryte av meg sjølv? Eg kjente at det baud…

  • Meiningar og tankar

    Opphengd

    Natt til fredag, 01.30 Stille. Vegard sin rytmiske pust ved sida av meg. Mørket. Klokka tikkar mot halv to, og eg ligg fortsatt oppå dyna, med klea på. Fingrane mine spring over tastaturet, eg treng ikkje tenke. Augo mine er trøytte, men eg er for oppteken til å sove. I dag var det designet på bloggen som opptok meg litt for lenge, og som har skulda i at eg fortsatt ikkje har komme meg under dyna. Andre dagar er det ei bok eller mobilen eg heng meg opp i. Eg er ikkje så flink på dette med struktur, kanskje blir eg det aldri heller. Eg tykkjer timane går altfor fort…

  • Meiningar og tankar

    Du skal vel stemme?

    Stortingsvalet 2017. Det er over alt i media – det er debattar på TV, politikarar som kranglar, annonsar på sosiale media og filter på Snapchat. I tillegg er gatene fulle av politikarar som ynskjer å overtyde nettopp deg til å stemme deira parti. Det er kanskje mykje. Det er kanskje masete. Du føler kanskje at du druknar i eit hav av brosjyrar, lovord og politiske argument. Men så er det så utruleg viktig, også. Det er viktig å drukne litt, men samtidig halde hovudet høgt nok over vatnet til at du får puste. Det skal vere forvirrande og kanskje litt vanskeleg, men det er mogleg å symje. Viss du kjenner…

  • Bloggutfordring

    Haustens nødvendigheiter

    Hei til dykk fine lesarar som fortsatt følgjer denne bloggen (sjølv etter eit altfor langt opphald). Eg tok plutseleg ein veldig spontan sommarferie. Det merka de kanskje. Forhåpentlegvis har de merka det, og forhåpentlegvis har de sakna meg litt, for eg har iallefall tenkt mykje på denne lille nettstaden min, som eg plutseleg forlèt til seg sjølv. Eg har sakna å skrive – noko denne bloggen så sårt treng at eg gjere. Så no er eg tilbake. Eg skal starte opp att både med vanlege innlegg, og med bloggutfordringa som eg blei ein del av før sommaren. Allereie dette første innlegget blir faktisk ein del av utfordringa, då eg ikkje…

  • Bloggutfordring

    Usikkerheit

    Dette innlegget blei først publisert på www.nouw.com/ingerhelgestad 13. juni 2017 Usikkerhet. Den, for dei fleste, velkjende kjensla. Den kjensla som sit i brystet, som gneg i magen, og som seier at ein ikkje er god nok. At ein ikkje leverer. At ein ikkje når opp til standarden, til det som blir forventa. Kjensla som stikk gjennom kroppen, og som legg tvil på alt ein vil gjennomføre. Den som får ein til å spørje seg sjølv om ein eigentleg kjem til å få det til. Om ein er god nok. Usikkerheten er unekteleg ein stor del av det å vere menneske, og den dukkar ofte opp litt for ofte. Den kan…

  • Bloggutfordring,  Meiningar og tankar

    #SK17

    Dette innlegget blei først publisert på www.nouw.com/ingerhelgestad 4. juni 2017 Plutseleg har sommaren meldt sin ankomst i år også, og me har allereie gått nokre dagar ut i den første sommarmånaden. Eg trur dei aller fleste er einige i at det er mykje fint knytt til sommaren, og majoriteten gledar seg til å kjenne solstrålane på kroppen, og til å få den etterlengta sommarferien som endeleg lar ein puste ut. Likevel fins det også sider ved sommartida som er mindre fantastisk, og då siktar eg særleg til heile det velkjende oppstusset rundt sommarkroppen – det som oppstår kvart år, og som blir intensivert ettersom sommaren kjem stadig nærare og antal soldagar aukar.…